Skip to main content
7 resources
Hånd skriver på pc
Forskningsnotat

Utvikling av algoritmisk tenking gjennom programmering med Scratch i grunnskolen

Det finst fleire digitale ressursar og verktøy som lærarar bruker for å støtte opp om elevers læring og utvikling av algoritmisk tankegang. Eit digitalt verktøy som er mykje brukt er «Scratch», eit gratis tilgjengeleg, visuelt programmeringsspråk som kan brukast online eller lastast ned. Det systematiske kunnskapsoversynet som blir presentert i dette forskingsnotatet er ei oppsummering av internasjonal forsking på korleis Scratch kan lære elevar algoritmisk tenking. Resultata viser at Scratch både fremmer og gjer synleg elevane si evne til algoritmisk tenking. I tillegg gir verktøyet lærarane moglegheit til å evaluera korleis elevane løyser problem ved hjelp av algoritmisk tenking.

Elever i klasse ser på nettbrett
Forskningsnotat

Elevers oppfatninger av nettbrett som læringsverktøy

De fleste norske elever har i dag sin egen digitale enhet. I artikkelen som presenteres her, har forskerne sammenfattet forskning fra 41 studier for å belyse forskningsspørsmålet: Hvilke oppfatninger har elever av nettbrettet som læringsverktøy? Forskningen deres viser at elever har mange oppfatninger om bruk av nettbrett, både positivt og negativt. Hva elevene tenker og mener, kan gi viktig innsikt for lærere.

To barn ser på nettbrett
Forskningsnotat

Bruk av nettbrett i barneskolen

Digital teknologi har blitt ein del av norske klasserom, og mange barneskolar har tatt i bruk nettbrett i undervisinga. Studien som blir presentert her, samanfattar 163 studiar og undersøker om lærarar i barneskolen underviser på ein annan måte når dei bruker nettbrett enn når dei bruker tradisjonelle undervisingsverktøy. Den utforskar òg om bruk av nettbrett i undervisinga i barneskolen i hovudsak verker positivt eller negativt inn på læringa til barna.

Nærbilde av en hvit Playstation 4-kontroller
Forskningsnotat

Spelifisert læring i høgare utdanning

Teknologien i klasseromma inspirerer mange til å utforska undervising på digitale plattformar som supplement til tradisjonell klasseromsundervising og førelesingar. Desse plattformene gjev undervisarar store moglegheiter til å innføra spelifiserte læringsformer som har vist seg å fanga interesse, verka motiverande på studentane og fremma konkurranse, effektivt samarbeid og kommunikasjon. Spelifisering er ein måte å gjera undervisinga meir engasjerande på og treng ikkje å henga saman med bruk av analoge eller digitale spel i det heile.

et svart-hvitt-bilde av en teddybjørn i et vindu
Forskningsnotat

Førebygging av mentale problem i barnehage og barneskule

Kan ein førebygge psykiske problem, åtferdsproblem og emosjonelle problem hjå yngre barn ved å implementera universelle tiltak i barnehage og barneskule? Er det tiltak leia av læraren eller ekspertar på mental helse for barn og unge som har størst effekt? Har kortvarige tiltak same effekt som langvarige tiltak? Det er mellom andre desse spørsmåla som dannar utgangspunktet for dette forskingsnotatet om kor effektive skulebaserte mentalhelsetiltak i barnehagen og barneskulen er.

Deler av en person som sitter i meditasjonsstilling på en strand.
Forskningsnotat

Effektiviteten av mindfulnessbaserte tiltak for styrking av psykisk helse i skolen

Mindfulnessbaserte tiltak for å fremma barn og unge si psykiske helse i skolen er blitt stadig vanlegare, men det manglar forsking på kva typar tiltak for mindfulness i skolen som gjev dei største effektane på barn og ungdom si psykiske helse og velvære (well-being). I Carsley et al. (2018) sitt systematiske kunnskapsoversyn om studiar på mindfulnesstiltak i skolen, har forskarane nytta metoden metaanalyse for å samla og samanlikna resultata frå 25 enkeltstudiar og funne at tiltak med ymse mindfulnessbaserte aktivitetar i dei seine tenåra (15—18 år) har det største potensialet for å styrka elevane si psykiske helse. I tillegg fann dei at det er vesentleg for utfallet om aktivitetane blir leia av ein lærar eller av ein ekstern tilretteleggjar. Tendensen er at eksterne tilretteleggjarar aukar kvaliteten på sjølve tiltaket (til dømes ein yoga- eller meditasjonsøkt) medan lærarar i større grad knyter tiltaket opp mot generell styrking av psykisk helse.

En kvinne med rødt hår lener seg mot skulderen til en mørkhåret mann.
Forskningsnotat

Traumeorienterte tilnærminger i skolen

Mange barn i skolen har opplevd eller opplever traumer som blant annet kan påvirke deres adferd og deres kognitive evner. Denne systematiske kunnskapsoppsummeringen1 sammenstiller forskning om tilnærminger som brukes i skolen for å bedre situasjonen for barn og unge som har vært utsatt for traumatiske situasjoner og opplevelser, men systematiske søk etter studier som undersøker og vurderer disse tilnærmingene fant ingen som oppfylte inklusjonskriteriene. Maynard mfl. konkluderer derfor at det er et behov for mer forskning på traumeorienterte tilnærminger, og de oppfordrer skoleledere, beslutningsmyndigheter og skolehelsetjenesten til å være kritiske og til å selv evaluere effekter, både i forkant av og kontinuerlig under implementering av traumeorienterte tilnærminger i skolen.