Skip to main content
8 resources
To barn og en voksen setter sammen biter av ulike geometriske former
Forskningsnotat

Kreativitet styrkar matematikkprestasjonar

Elevar som tenkjer kreativt, har større sjanse for å lukkast i matematikkfaget. Derfor er det viktig at læraren, i tillegg til å undervise i matematiske kunnskapar og ferdigheiter, òg øver opp dei kreative evnene til elevane.

Hånd skriver på pc
Forskningsnotat

Utvikling av algoritmisk tenking gjennom programmering med Scratch i grunnskolen

Det finst fleire digitale ressursar og verktøy som lærarar bruker for å støtte opp om elevers læring og utvikling av algoritmisk tankegang. Eit digitalt verktøy som er mykje brukt er «Scratch», eit gratis tilgjengeleg, visuelt programmeringsspråk som kan brukast online eller lastast ned. Det systematiske kunnskapsoversynet som blir presentert i dette forskingsnotatet er ei oppsummering av internasjonal forsking på korleis Scratch kan lære elevar algoritmisk tenking. Resultata viser at Scratch både fremmer og gjer synleg elevane si evne til algoritmisk tenking. I tillegg gir verktøyet lærarane moglegheit til å evaluera korleis elevane løyser problem ved hjelp av algoritmisk tenking.

Elever i klasse ser på nettbrett
Forskningsnotat

Elevers oppfatninger av nettbrett som læringsverktøy

De fleste norske elever har i dag sin egen digitale enhet. I artikkelen som presenteres her, har forskerne sammenfattet forskning fra 41 studier for å belyse forskningsspørsmålet: Hvilke oppfatninger har elever av nettbrettet som læringsverktøy? Forskningen deres viser at elever har mange oppfatninger om bruk av nettbrett, både positivt og negativt. Hva elevene tenker og mener, kan gi viktig innsikt for lærere.

To barn ser på nettbrett
Forskningsnotat

Bruk av nettbrett i barneskolen

Digital teknologi har blitt ein del av norske klasserom, og mange barneskolar har tatt i bruk nettbrett i undervisinga. Studien som blir presentert her, samanfattar 163 studiar og undersøker om lærarar i barneskolen underviser på ein annan måte når dei bruker nettbrett enn når dei bruker tradisjonelle undervisingsverktøy. Den utforskar òg om bruk av nettbrett i undervisinga i barneskolen i hovudsak verker positivt eller negativt inn på læringa til barna.

Nærbilde av en hvit Playstation 4-kontroller
Forskningsnotat

Spelifisert læring i høgare utdanning

Teknologien i klasseromma inspirerer mange til å utforska undervising på digitale plattformar som supplement til tradisjonell klasseromsundervising og førelesingar. Desse plattformene gjev undervisarar store moglegheiter til å innføra spelifiserte læringsformer som har vist seg å fanga interesse, verka motiverande på studentane og fremma konkurranse, effektivt samarbeid og kommunikasjon. Spelifisering er ein måte å gjera undervisinga meir engasjerande på og treng ikkje å henga saman med bruk av analoge eller digitale spel i det heile.

Blondt barn i barnehagealder stabler klosser med tall på
Forskningsnotat

Effekter av tidlig intervensjon på utvikling av tallforståelse blant barnehagebarn og elever i 1. klasse

Barns utvikling av formelle matematikkunnskaper begynner med matematikkundervisningen i 1. klasse, men grunnlaget for denne utviklingen legges allerede tidlig i barndommen, når barnet utvikler sin tallforståelse. Det er sannsynlig at barn som har dårlig tallforståelse i barnehagen, har et dårligere utgangspunkt for å henge med i matematikkundervisningen i 1. klasse enn de barna som har god tallforståelse. Tidlige intervensjoner (tiltak) for å hjelpe de barna som henger etter i utviklingen av tallforståelse, kan utjevne forskjellene mellom barna før de begynner i 1. klasse. Dette forskningsnotatet oppsummerer en artikkel som presenterer forskjeller mellom slike tiltak og effekten av slike tiltak.

Forskningsnotat

Utforsking av tilhøvet mellom språkleg og matematisk dugleik

Peng et al. har utforska tilhøvet mellom språk og matematikk gjennom ein analyse av data frå 344 studiar. Dei fann at språket kan fungera som eit medium for å kommunisera, for å representera og for å henta fram matematiske kunnskapar. I tillegg utgjer det matematiske språket ei eiga form for tenking som støtter opp under arbeidsminne og intelligens. Grunnleggande dugleik i matematikk kan fungera som ein funksjon av språket, noko som frigjer kognitive ressursar til meir krevjande matematiske oppgåver. På denne måten kan språkleg dugleik styrka vekselverknadar mellom kognisjon og matematikk .

Forskningsnotat

Omvendt undervisning i matematikk

Det er en økende interesse for å ta i bruk omvendt undervisning («flipped classroom») som undervisningsmetode. Mange elever opplever matematikkfaget som spesielt utfordrende, og det er viktig å finne måter å møte disse elevene og deres faglige utfordringer på. Denne systematiske kunnskapsoppsummeringen undersøker bruk av omvendt undervisning i matematikkfaget, og med utgangspunkt i funnene presenterer forfatterne 10 prinsipper til støtte i implementering av omvendt undervisning i matematikk.