
Sjølvbestemmingsteorien nytta i kroppsøvingsfaget
I denne artikkelen har forskarane samla empiri frå ei mengde enkeltstudiar for å undersøka sjølvbestemmingsteorien om motivasjon i samanheng med kroppsøvingsfaget. Resultata gir støtte til teorien om korleis ulike typar motivasjon kan ha ulike utfall, der autonom motivasjon viste ein sterkare samanheng med tilpassing til kroppsøving enn kontrollerande motivasjon. Vidare viste resultata at kroppsøvingslæraren har størst innverknad på elevane sine kjensler av autonomi og kompetanse, medan klassekameratar har størst innverknad på kjensler av tilhøyrsle.