MENY

Reiselivselevar på NHS-besøk

Elever frå St. Svithun blei betre kjend med Norsk Hotellhøgskole, UiS og campus då dei besøkte universitetet torsdag.

  • Svithun_1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Presentasjon av NHS og UiS.
  • Svithun_3.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_4.JPG (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_5.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_6.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_7.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_8.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_9.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_10.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • Svithun_11.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

Desse dagane er det valfagsdagar ved ungdomsskulen, noko som betyr at all undervisning handlar om valfaga. Elevar som har reiseliv som valfag nytta høve til å bli betre kjend med landets fremste utdanning innan reiseliv og hotelleiing. NHS er verdas nest eldste skule for utdanning av hotelltilsette, og har utdanning på bachelor-, master- og phd-nivå.

- Dette er det einaste studiestedet som tilbyr masterutdanning i hotelleing, sa instituttleiar Håvard Hansen då han møtte elevane.

Elevane fekk og høyre dei varierte jobbane ein kan få med utdanning innan reiseliv eller hotelleiing. Dei fekk og høyre om sentrale reiselivstrender.

- I Noreg arbeider 170.000 personer innen reiseliv, og det er ein av dei største næringane målt i arbeidsplasser. Det er og ei av næringane som veks mest i verda, sa Hansen.

Etter presentasjonen var det klart for ein rundtur på universitetsområdet. Niandeklassingane var mellom anna innom landets største auditorium på Elise Ottesen-Jensens hus, biblioteket og SiS sportssenter.

Velkomen attende.