MENY

To nye professorar på NHS

Elisabeth Lind Melbye og Trude Furunes har begge fått personleg opprykk til professor.

Professor Trude Furunes og professor Elisabeth Lind Melbye. Professor Trude Furunes og professor Elisabeth Lind Melbye.

Melbye er professor i ernæring og forbrukaråtferd, mens Furunes er professor i organisasjon og leiing.

Trude Furunes har hovudtyngda i si forsking innan organisasjon, leiing og hospitality. I 2008 tok ho doktorgrad med avhandlinga «Managing Older Workers – Perceptions, attitudes, discriminatory intentions, and decision latitudes». Der ser ho nærare på leiarar si haldning til eldre arbeidstakarar, og ho er framleis opptatt av tilhøva i arbeidslivet i eit breiare mangfaldsperspektiv.

Ho er også redaktør for det internasjonale tidsskriftet «Scandinavian Journal of Hospitality and Tourism», eit Routledge-tidsskrift som vert utgitt av Taylor & Francis. I 4,5 år var ho prodekan for forsking ved SV, og har eit breitt internasjonalt nettverk. Hun har utvikla konseptet strukturert skriveseminar og er med i teamet som driver UiS sitt phd-veilederkurs.

Elisabeth Lind Melbye er utdanna klinisk ernæringsfysiolog, og har si doktorgrad frå 2012. Då disputerte ho med avhandlinga «Parent-child feeding interactions: The Influence of Child Cognitions and Parental Feeding Behaviors on Child Healthy Eating». Doktorgradsprosjektet handla om barns matvaner og korleis foreldre påverkar kva barna et.

Melbyes forskingsprofil er mangesidig, men helse- og ernæringsrelatert forbrukeråtferd går som ein raud tråd gjennom mykje av det ho gjer. Ho testar og brukar modellar og teoriar frå ulike greiner av psykologien i arbeidet sitt, med forskingsdesign som varierer frå eksperiment til sureveys med testing av både direkte-effekt modellar, mediator- og moderatoranalysar. Ho har og sete i ulike ekspertgrupper og bidratt i ulike prosjekt med både nasjonale og internasjonale deltakarar. Melbye har ein sterk interesse for forsking som kan ha implikasjonar for menneske si helse og velferd.

– Som ernæringsfysiolog, har eg alltid helsebrillene på i mi forsking, seier ho.

Det siste året har ho hatt ei 50 prosent stilling som forskar i Tannhelse Rogaland, og til hausten startar ho planlegging av eit nytt prosjekt som skal undersøkje oral helse og ernæring hjå heimebuande eldre.

Dei ferske professorane har forskingsinteresser som passer godt med strategi, både for NHS og SV-fakultetet. Nå er dei opptatt av korleis dei kan bidra til å styrke hospitality og ansvarleg leiarskap som kjerneområde på NHS.
– Vi håper å dra med oss andre, og hjelpe andre i deira akademiske utvikling. Vi vil også vera med å bygge gode team, både internt og eksternt, seier dei.

Skryt av «Kvinner til topps»

Begge var frå 2016 til 2018 med i «Kvinner til topps», eit opprykksprogram for å auke talet kvinnelege professorar ved UiS. Sjølv om dei har gjort arbeidet sjølve, har det vore godt å ha ein heiagjeng.

– Vi er en gjeng som vil kvarandre godt, og vi gler oss over kvarandre sine framsteg. Det skapar ei positiv forventning, seier Furunes.

Dei gjekk frå å tenkje på professoropprykk som noko som kunne skje i ei fjern framtid, til å arbeide meir strategisk.

– Vi blei inspirerte til å arbeide meir målretta enn før vi begynte prosessen, seier Melbye.

21 kvinner var med i opprykksprogrammet. Furunes og Melbye trekker fram nettverk på tvers av fagfelt som spesielt nyttig.

– Sjølv om mykje er ulikt, ser me at alle har same utfordringar, seier dei.

Dei føler seg heldige som har fått vore med i programmet og takkar dåverande instituttleiar Truls Engström som hadde trua på dei og oppmoda dei til å bli med i programmet. Dei rosar også primusmotor Vibeke Hervik Bull, og Gunhild Bjaalid og Kjetil Kiil Halvorsen som har vore med heile tida.

– Alle tre har gjort ein kjempejobb med tilrettelegging og oppfølging, seier dei.

Tekst: Karoline Reilstad
Foto: Åse Helene Bakkevig Dagsland