MENY

Digital sommarskule - gratis!

Dette er det du har venta på! Er det ein ting denne våren har vist oss, så er det at didaktisk digital kompetanse er avgjerande for deg som skal ut i skule og barnehage. Du fekk kanskje ein avkorta praksis i vår? Bli med på sommarskule i DDV 8.-12. juni og lær noko av det du gjekk glipp av!

Digital sommarskule - gratis!

Den digitale sommarskulen vil i år skje gjennom digitale kommunikasjonskanalar som Microsoft Teams og Zoom, der DDV-teamet vil sende ein slags «live-stream» frå DDV, samtidig som dei legg ut  faglege ressursar og oppgåver i Teams. Deltakarane skal ikkje vere fysisk i DDV, men må kople seg på gjennom Teams/Zoom frå eigen PC/nettbrett. Du får nærare informasjon om det praktiske første kursdag. 

Kvar dag vil ha sitt eige unike opplegg og tematikk. Årets sommarskule gir deg ein kombinasjon av opplæring i bruk av ulike digitale læringsverktøy, didaktiske ressursar og faglege innspel frå vitskapleg tilsette. 

Tysdag 9. juni byr vi på eit særskilt opplegg der deltakarane skal få prøve seg i eit «digitalt orienteringsløp», såkalt TeachOUT. Dette vil foregå ute på UiS-campusområdet på Ullandhaug.  

Gjennom deler av sommarskulen vil du få tildelt programvare som skal nyttast, ved at DDV tildeler midlertidig brukar eller lisens. DDV-teamet vil vere tilgjengeleg for spørsmål og rettleiing gjennom «live-stream» frå DDV medan deltakarane utfører oppgåvene. Det vil også bli gitt demonstrasjonar/visningar i bruk av digitale verktøy frå DDV.

Gratis 

Alle lærarstudentar på UiS kan søke om å få vere med. Sisteårsstudentar blir prioriterte dersom det er for mange påmeldte. Tilsette kan også søke, i tilfelle ledige plassar. 

For å få kursbevis må du ha vore med på minst fire av dei fem dagane med undervisning.

Det er begrensa antal plassar, så meld deg på i dag!

Program for sommarskulen

Måndag 8. juni
Informasjon om den digitale sommarskulen. 
Tema: Medieproduksjon og digital kommunikasjon 

Tysdag 9. juni
Tema: Det digitale uterommet - TeachOUT! 
Oppmøte fysisk på UiS med gode sko og gjerne treningstøy, utanfor hovudinngangen til Hagbard Line-huset kl.09.30. Sørg for å halde 1 meters avstand til kvarandre. Her skal du bruke eigen smarttelefon eller tildelt nettbrett frå DDV (valfritt). Ta med telefonen din om du vel å bruke denne.

Onsdag 10. juni
Tema: Koding og algoritmisk tenking. Allmenndanning, systematisk tenking og kreativ problemløysing? Her får du kunnskap som er nyttig om du skal ut i barnehage, grunnskule eller vidaregåande etter eksamen!

Torsdag 11. juni
Tema: Dataspel som digital ressurs i skulen. Korleis kan vi bruke tilgjengelege dataspel til å skape engasjerande undervisningsopplegg i skulen?

Fredag 12. juni
Tema: StopMotion-animasjon, kreativitet og digital lek. Korleis kan vi fremme fantasi og skaparglede? 

Merk at det kan komme endringar/justeringar i programmet. 

Praktisk informasjon

Når? Veke 24, 8.-12. juni 2020. Undervisninga skjer i tidsrommet 10.00-14.00 kvar dag, med unntak av tysdag 9. juni. 

Kvar? Undervisninga skjer digitalt, på Microsoft Teams og Zoom. Unntak er tysdag, som krev oppmøte på UiS. 

Påmelding skjer ved å fylle ut dette skjemaet https://svar.uis.no/LinkCollector?key=8C3CKCY5LJ91

Påmeldingsfrist er 2. juni 2020 kl. 12.00

Tal deltakarar: 20 plassar, første mann til mølla!

Krav til utstyr for å delta: Eigen PC eller Mac med stabilt wi-fi nettverk. UiS-konto for bruk av Microsoft Teams og Zoom.

Spørsmål? Ta kontakt med Paolo Haaland Scarbocci, prosjektleiar for DDV, 413 90 976 / ddv1@uis.no