MENY

Forsking ved Institutt for barnehagelærarutdanning

Institutt for barnehagelærarutdanning har eit aktivt forskingsmiljø som forskar blant anna på læringskulturar i barnehagen.

Tilsette ved Institutt for barnehagelærarutdanning står for ei rekke forskings- og utviklingsaktivitetar innan temaa

  • Berekraft i barnehagen
    • Utdanning for bærekraftig utvikling i barnehagelærerutdanningen
    • Barns utforsking av natur og nærmiljø
    • Being and becoming eco-citizens
    • Physical education and natural sciences 
    • Sustainability and science education in the kindergarten
    • Uteundervisning, naturen som læringsarena
  • Kommunikasjon: Matematikk, språk og digital teknologi
    • Evaluering av barns formodning og bevis
    • Barns lek med klosser
    • VEBB: Verktøy for didaktisk vurdering av E-bøker for Barn i Barnehage
    • Med blikk på teknologi, pedagogikk og fag som integrerte enheter i barnehagen 
  • Estetiske og kreative læreprosesser
    • God lyd i barnehagen 
    • For veldig gamle og veldig unge
    • Sosialmusikalsk framføringspraksis i barnehagen
    • Musikk i barnehagen - med personalet som avgjørende drivkraft
    • Musikalsk identitet hos ansatte i en norsk barnehage
    • Barnehagens offentlige kunstneriske utsmykking 
  • Verdier, demokrati og mangfold i barnehagen
    • Tilhørighet i barnehagen
    • Fellesskap i barnehagen
    • Tilhørighet og mangfold i barnehagen   
    • Profesjonell omsorg i barnehagen
    • Participation in community
    • Transformations and interpretations of transnational concepts in and through local ECEC practices” (TRACES)
    • Profesjonsetiske dilemmaer i barnehage og utdanning 
  • Profesjon og ledelse
    • Kompetanse heving for personalet i åpne barnehager
    • GoBan

 

Tilhørighet i barnehagen (Politics of belonging)

Prosjektet ser på hvordan tilhørighet skapes i barnehager og skoler, og hva som påvirker barn sine muligheter til å oppleve og få delta i ulike felleskap i de ulike landene i studien. Hva er det som påvirker hvordan barn utvikler tilhørighet i barnehage og skole? Forskingsprosjektet er kryss-kulturelt og multidisiplinært, og ser på barns tilhørighet i barnehager og skoler i Finland, Island, Nederland, Sverige og Norge. Vi skal se på hvordan politiske føringer i nasjonale rammeplaner for barnehage og skole omtaler tilhørighet. I tillegg vil vi utforske hvordan barn, ansatte og foreldre i barnehage og skole opplever, tolker og skaper tilhørighet, men vi skal også se nærmere på hvilke handlinger som fremmer tilhørighet hos barn med ulik bakgrunn og individuelle behov

Læringskulturar i barnehagen var inntil nyig et programområde for forskning ved UiS. Innanfor dette programområdet var det fleire forskingsprosjekt, mellom anna desse:

VEBB-prosjektet

Barnehageforskarar ved Lesesenteret og UiS har saman med Stavanger Kommune blitt tildelt 6 millioner kroner frå FINNUT til forskingsprosjektet «Bøker og apper: Utvikling av vurderingsverktøy for e-bøker for barn (VEBB)». 

I løpet av to år vil barnehageforskarane våre samarbeide med barnehagar for å utvikle ein app for vurdering av e-bøker. Målet er å gje barnehagane eit forskingsbasert, enkelt verktøy, som dei kan nytte til å vurdere om enkeltbøkene som eksisterer på lesebrett vil fremje eller hemme borna si språklæring i lesinga som føregår i barnehagen.

Læring av verdiar

Læring av verdiar i nordiske barnehagar er eit prosjekt som såg nærare på læring av verdiar i tidleg alder. Denne nordiske  studien omfattar landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Kring 480 vaksne og 1930 barn mellom eitt og seks år skal delta.

Prosjektet var finansiert av Nordforsk, og Institutt for barnehagelærarutdanning ved UiS hadde det faglege og administrative ansvaret.

Gode barnehagar i Noreg

Instituttet er og partnar i prosjektet GoBaN, eller Gode barnehagar for barn i Noreg (lenkje til ekstern nettstad).

GoBaN er det største forskingsprosjektet på barnehagefeltet i Noreg. Formålet er å undersøke korleis norske barnehagar påverkar barnehagebarn, kva som karakteriserer ein god barnehage og kva faktorar som påverkar barna sin trivsel, måloppnåing og utvikling.

Prosjektet er ein longitudinell studie som følgjer 1600 barn i barnehagen og deira barnehagar over fire år. Barna blir følgde frå dei er  to år til dei byrjar på skolen, med ein muleg forlenging vidare i utdanningsløpet.

Blikk for barn

Blikk for barn (Searching for qualities) var eit prosjekt som undersøkte kvaliteten for dei minste i barnehagen. Prosjektet fokuserte på om overgang frå tradisjonelle smågrupper til meir fleksible grupper påverka kvaliteten i barnehagekvardagen.

TODDLER

Instituttet hadde det faglege og administrative ansvaret for TODDLER-prosjektet. Dette er eit multilateralt EU-finansiert prosjekt som vart utført i perioden 2011 - 2013.

TOODLER står for Towards Opportunities for Disadvantaged and Diverse Learners on the Early-childhood Road. Ni partnarar frå åtte land deltok i prosjektet, der ein utvikla utdanningsmodular for dei europeiske førskuleutdanningane. Forskarar frå Danmark, Romania, Belgia, Storbritannia, Tyskland, Noreg, Portugal og Spania deltok i prosjektet.

Doktorgradsforsking

Fleire tilsette ved instituttet arbeider med doktorgradsprosjekt innan utdanningsvitskap, retta mot barnehagefeltet.

Bildet syner fleire born som leiker i ein sandkasse i ein barnehage.