MENY

Barnehagelærarutdanningar ved UiS

Få ting er meir meiningsfylt enn å arbeide med barn. Ved instituttet vårt kan du ta ei god utdanning som gjer deg skikka til å arbeide med dei yngste barna.

Institutt for barnehagelærerutdanning tilbyr barnehagelærarutdanning, både som 3-årig fulltidsstudium og 4-årig deltidsstudium. Vi tilbyr også arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning over 4 år - ABLU.

Vidare har vi master i barnehagevitenskap, samt fleire etter- og vidareutdanningar.

Studiet i Barnehagepedagogikk/Småbarnspedagogikk er eit påbyggingsstudium for pedagogar som ikkje er førskolelærarar. Studiet gjev kompetanse som førskolelærar.

Instituttet har også ansvar for kurs i phd-utdanninga. Instituttet har eit aktivt forskingsmiljø.