MENY

Elevar lærarar for ein dag

Elevar frå vidaregåande skule har fått teste læraryrket. Saman med lærarstudentar frå UiS underviste dei på Høle barne- og ungdomsskole i Sandnes og Solås skole på Ålgård.

Ein elev rekker opp handa.

For fjerde året på rad gir Universitetet i Stavanger elevar i vidaregåande skule moglegheit til å kjenne på kroppen kva det vil sei å undervise ein skuleklasse, før dei søker høgare utdanning.

- Dette er en fin måte å teste læraryrket på før vi bestemmer oss. Vi kunne godt prøvd fleire yrke og, seier Martine Johannessen som saman med seks andre avgangselevar frå Kongsgård var lærarar for ein dag på Solås.

Kjenner yrket på kroppen
Til dagleg er dei elevar, og det var litt sommarfuglar før dei skulle prøve seg som lærarar. Men etter fleire timar med undervising for ivrige femte- og sjetteklassingar kunne lærarspirene stadfeste at dei hadde kontrollen.
- Eg var førebudd på at elevane skulle vera meir urolege, men det har gått veldig fint, seier Karina Bru.

Lærar for ein dag gjev avgangselevar frå vidaregåande skule erfaringar i arbeidssituasjonar dei kan venta seg om dei vel å utdanna seg til lærar.

- Ein trur kanskje ein veit korleis det er å vera lærar fordi ein har vore elev sjølv, men å være lærar er mykje meir variert enn det ein får innsikt i som elev, seier Birgitte Tysdal som er kontorsjef ved Institutt for grunnskolelærer, idrett og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Å prøve seg som lærar gir eit reelt innblikk i yrket. Difor lar UiS kvart år avgangselevar i vidaregåande skule kjenne på kroppen kva det inneber å vera lærar.
- Dei som vurderer yrket, får kjenne på kor gøy det er å nå ut til barn, seier Tysdal.

Under Lærar for ein dag underviste vidaregåande-elevane saman med lærarstudentar frå UiS som er i praksis. Ein full dag i klasserommet tok ikkje lysta til å undervise frå avgangselevane.

- Det er kjekt å undervise. Viss eg vert lærar, har eg lyst å arbeida med dei litt eldre elevane, seier Asgeir Torsvik.
Kongsgård-elevane har merka at kvardagen på ein skule er variert.

- Det skjer mykje som du ikkje har venta eller planlagt. Då må du vera flink til å ta ting på sparket, seier Karen Torheim.

Les meir om grunnskolelærarutdaninga ved UiS.

Konseptet spreier seg
Lærar for ein dag er utvikla i Rogaland, og UiS var med heilt frå starten. No har andre delar av landet fått auga opp for konseptet, konseptet er gjennomført blant anna i Troms.

Lærar for ein dag er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger (UiS), Ungt Entreprenørskap og Rogaland fylkeskommune.