MENY

Engasjert statsråd vil ha fleire lærarstudentar og meir utveksling

Statsråd Iselin Nybø vitja tysdag Universitetet i Stavanger for å snakke om korleis vi kan rekruttere fleire studentar til grunnskolelærarutdanninga, og få fleire studentar til å dra på utveksling utanlands.

Stasråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, omkransa av studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger Stasråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø, omkransa av studentar og tilsette ved Universitetet i Stavanger

Ein engasjert statsråd for forsking og høgare utdanning peika på at rekruttering til læraryrket startar med utdanninga.

- Grunnskulen vil mangle lærarar i framtida, viser nye framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå. Mellom anna gir innføringa av lærarnorma auka behov for lærarar, sa statsråden då ho møtte UiS på tysdag.

Denne hausten har regjeringa satt av 10 millionar kroner til tiltak som kan få fleire til å søke seg til grunnskolelærarutdanninga for trinn 1-7, og særleg med tanke på å auke talet på mannlege lærarstudentar. Universitetet i Stavanger får 400 000 av desse midlane, og er i gang med å planlegge rekrutteringsarbeidet.

- Sjølv om vi har gode søkartal dei siste åra, og endå betre etter at lærarutdanninga vart lagt om til 5-årig master, betyr ikkje det at trenden varer. Vi må heile tida jakte på dei gode studentane som skal bli framtidas lærarar, sa Elin Thuen. Ho er leiar ved Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) på Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

- UiS opplevde i år at fleire enn nokon gong takka ja til studieplass ved lærarutdanningane. Vi ser likevel at berre ein fjerdedel av desse er menn for trinn 1-7, og vi veit at fråfallet av menn er høgare undervegs i utdanninga, fortalte Thuen.

For få lærarar

Andelen mannlege lærar i grunnskulen søkk no fort i vestlege land, og det er nødvendig å jobbe langs to spor.

- For oss er det også viktig å arbeide for å behalde dei vi tar opp, på lik linje med det å rekruttere fleire mannlege lærarstudentar på 1.-7. trinn, peika Kari-Anne S. Malmo, kontorsjef ved IGIS, på.  

- Vi veit at 6 av 10 fullfører utdanninga dei byrjar på. Dette er ei samfunnsutfordring, ikkje berre ei problem for lærarutdanningane, minna Nybø om.

Tidlegare lærarstudent Joachim Børlie meinte at studentane som takkar ja til studieplass må oppleve at dei får ei god utdanning.

- Særleg praksis er viktig. Vi ser at mange gjer seg dårlege erfaringar i praksis, nokre opplever manglande rettleiing, og dei mannlege studentane opplever ofte at dei ikkje får mannlege rollemodellar ute i praksisskulane, fortalte Børlie.

Framsnakk læraren!

Status til yrket, høve til fagleg utvikling utan å måtte gå inn i skuleadministrasjon, haldningar, rollemodellar og framsnakking vart viktige stikkord i diskusjonen mellom statsråden og UiS.

- Frå utsida kan kanskje læraryrket, særleg i barneskulen, virke litt keisamt. Vi som er på innsida veit at ingen dagar er like, og du får faktisk vere med på å gjere småfolk til gode samfunnsborgarar! sa Vebjørn Mørken, som studerer på grunnskolelærerutdanninga 1-7.  

Statsråden trakk fram at 5-årig lærarutdanning, karakterkrav og sletting av studielån er gode verkemiddel som er med på å gjere lærarstudiet meir attraktivt. Sjølv om det går riktig veg, så trengst det meir.

- Vi må ta livet av mytene om at læraryrket ikkje er krevjande, og vektlegge den status yrket bør ha, skøyt rektor Marit Boyesen inn. Vi må i fellesskap framsnakke grunnskolelærarutdanninga og det faglege innhaldet som ligg i utdanninga for trinn 1-7, og i yrket som ventar etterpå.

Få drar på utveksling

Iselin Nybø ville også lære meir om UiS sitt arbeid med å auke studentmobiliteten og få fleire til å ta studieopphald utanlands.

Bjarte Hoem leiar Internasjonalt kontor, og var ærleg på at UiS gjerne skulle hatt høgare tal å vise til.

- Av grunnar vi ikkje heilt forstår er studentane ved UiS mindre interesserte i å reise på utveksling enn ved andre institusjonar det er naturleg å samanlikne oss med, sa han. Samstundes ser vi at det er store forskjellar også internt på UiS.

Undersøkingar viser at det ofte handlar om anna enn fag når studentar vel å ikkje reise ut.

- Mange peikar på familiesituasjon, økonomisk belastning eller manglande motivasjon når dei skal svare på kvifor dei ikkje reiser ut. Det strukturelle i form tilbod om utveksling og informasjon om tilboda synes i hovudsak å vere godt ivaretekne, fortel Hoem.

Fagmiljøa må vektlegge internasjonalisering

Han trur at nøkkelen til auka studentmobilitet kanskje ligg tettare på fagmiljøa.

- Vi trur at studentane ikkje får nok oppmuntring frå studieprogramma. Det manglar ei forventning frå faglærarane om at utveksling er normalen, og ikkje unntaket, meiner Hoem.  Han peikar på at studieprogramma må kommunisere at det er fagleg viktig at studentane reiser ut.

Fagmiljøa på si side stiller spørsmål ved kva det er med internasjonalisering som bidreg til auka studiekvalitet.

- Dette treng vi meir empiri på, etterlyste Hoem i retning statsråden. Om vi skal få til ein auke i studentmobiliteten må vi få ein konsensus om kvifor internasjonal studentmobilitet er viktig.

Hoem peika også på at det er problematisk at det kun er utanlandsopphald over tre månadar som tel med i den offisielle statistikken. Det betyr at finansieringsmodellen er ikkje synkronisert med Erasmus, som opnar for kortare studieopphald ute.

Statsråd Iselin Nybø lurte på si side om studentane har mista eventyrlysten og utreisetrangen.
 
- Er dagens studentar for redde for det ukjente? undra ho.

- Nei, men vi gjer det vanskeleg for dykk ved at mange av oss har allereie vore eit år på reisefot når vi set oss på skulebenken att, kommenterte ein av studentane. Når vi først er i gang med studiet vil vi gjerne gjere oss ferdige, utan å risikere forskyvingar i studieløpet, og vi vil heller ta praksisen her heime og bygge dei nødvendige nettverka der kor vi skal søke jobb etterpå. Det er eit stort press på å bli ferdige i tide og gjere det bra, i tillegg til at det for mange er upraktisk å bryte opp for å reise ut ein periode.

Erfaringane blant studentane var likevel varierte. Fleire hadde vore ut og var takksame for det, trass i tunge prosessar i for- og etterkant.

Tåregass i Paris

Marita Skaar studerer til bachelorgrad på barnehagelærarutdanninga, og reiser i januar til Dublin for å vere på Dublin City University ein periode.  

- Nei, eg veit ikkje nøyaktig kva som ventar meg. Min motivasjon handlar om at eg trur like fullt at eg lærer meir om meg sjølv ved å dra ut, og lære om andre, og høyre kva dei tenker rundt mitt fag, korleis dei gjer ting og kva dei vektlegg.

Statsråden var godt nøgd med innspela ho fekk i løpet av dagen, og tar dei med seg til vidare arbeid i departementet. På tampen delte ho raust av si eiga erfaring som utanlandsstudent nokre år tilbake i tid.

- Så stod eg der med skulefransken og kofferten min i Paris, og visste ikkje heilt kva som venta meg. Men eg fekk vener som eg har den dag i dag, og sjølv om studiane vart avbrotne av streik, og eg opplevde meir tåregass og pepparspray enn eg hadde sett for meg, så fekk eg erfaringar det semesteret eg aldri hadde fått elles. Du får heilt andre perspektiv, og du lærer deg sjølv å kjenne på ein annan måte om du vel å dra ut. Når eg klarte å bli jurist, stortingsrepresentant og statsråd etter eit så rotete utanlandsopphald, må det vere håp for dei fleste, avslutta statsråden.  

Møtte sosiologistudentar i praksis

På bakteppe av at statsråden har varsla ei ny stortingsmelding om samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeidslivet, med vekt på praksis, nytta Iselin Nybø også dagen til å lære meir om korleis UiS har jobba for å få til det nye tilbodet om praksis dei tilbyr studentar i statsvitskap og sosiologi.

Les meir om praksis på SV-fakultetet og for humaniora-studentar.

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken