MENY

Klede med meining til Barbie

Studentar på Kunst og handverk2 har laga ein ny kolleksjon til barbiedukka. Kleda er ikkje berre klede, men stiller samstundes spørsmål kring vår eksistens.

Studentar på lærarutdanninga ved UiS har laga Barbie-utstilling.

Gjennom kleda tek studentar frå grunnskolelærerutdanninga og årseining Kunst og håndverk opp eksistensielle problemstillingar som blant anna vår identitet på Internett, retusjert verkelegheit, forhold til kropp og meditasjon.
Til dømes kan ein ved å studere brudekjolen nærare, lese ein bodskap nedover kjolen.

Prosjektet handlar om design og visuell kommunikasjon, og teori, kunstopplevingar og praktisk skapande arbeid har vore sentralt.

Studentar på grunnskolelærerutdanninga (GLU 1.-7. og GLU 5.-10.) og studentar på årseining Kunst og handverk står for prosjektet.

Kolleksjonen var utstilt utanfor kantina i Hagbard Line-huset.

Barbiedukke med brudekjole laga av studentar på grunnskolelærarutdanninga og årseining Kunst og håndverk.

Lærarstudentar og studentar på årseining Kunst og handverk har kledd opp Barbie i eit prosjekt om design og visuell kommunikasjon.