MENY

Lærarstudentar vert følgde opp

Fråfallet på lærarutdanningane er ikkje større enn i andre bachelorutdanningar. Følgjegruppeleiar og dekan Elaine Munthe trur grunnen til den store merksemda rundt blant lærarstudentar som sluttar, er at lærarmangel får følgjer for heile samfunnet.

Følgjegruppa for lærarutdanningsreforma er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet for å følgje med på innføringa av dei nye grunnskolelærarutdanningane (GLU 1-7 og GLU 5-10) i heile landet.

I mars la gruppa fram sin fjerde rapport

Viktig for samfunnet
Lærarutdanningane for grunnskulen er dei første som fikk ei følgjegruppe, men no har også barnehagelærarutdanningsreforma fått ei eigen følgjegruppe. Det kan vere store fordelar med å følgje ei reform så tett, meiner Elaine Munthe.

- Utdanningsinstitusjonane får mykje informasjon om kva dei gjer som er veldig bra, korleis dei kan bli betre, og kva det kan vere viktig å lære av kvarandre. I tillegg viser satsinga at departementet tar lærarutdanning på alvor, seier ho.

Det resultatet som fleire medier slo opp stort etter denne rapporten blei offentleggjord, var at éin av tre studentar som byrjar på lærarutdanninga hoppar av.

Talet er ikkje høgare enn for andre bachelorutdanningar, men Munthe trur lærarutdanninga får meir merksemd fordi læraryrket vedkjem så mange.

- Det viser kor viktig lærarar er for samfunnet. I åra som kjem trengs mange fleire lærarar. Om me ikkje klarar å dekkje behovet har me eit stort samfunnsproblem, seier ho.

Yrket viktigare enn utdanninga
Følgjegruppa er opptatt av at lærarutdanningane over heile landet skal vera så gode som mogleg. Samstundes minner Munthe om at det viktigaste for rekruttering til studia er korleis sjølve læraryrket er og statusen til læraryrket.

- Det er ikkje nok å ha gode utdanningar. Om me skal klare å rekruttere nok må læraryrket bli oppfatta som interessant. Ein vel ikkje  utdanning på grunn av utdanninga i seg sjølve, men på grunn av arbeidet ein kan få etterpå, seier Munthe.

- Me må vise at læraryrket er ei profesjon som er utruleg interessant og gir mogelegheiter til fagleg og personleg utvikling.  Det er både positivt krevjande og veldig givande. Lærarar får verkeleg brukt alle sine talentar. Det er ikkje minst eit stort behov for fagleg sterke og engasjerte lærarar i 1. til 7. klasse. Me veit at dei tidlege åra har stor betyding for resten av skuletida.

Tar tak i utfordringane
Universitet i Stavanger samarbeider med Universitetet i Agder og Høgskolen i Telemark for å gi eit godt utdanningstilbod. Dei tre utdanningsinstitusjonane vil styrke samarbeidet seg imellom.

Les meir om Grunnskolelærarutdanninga ved UiS.

- Vi er avhengige av å samarbeide godt om dei studietilboda vi gir for å sikre at skulane i heile regionen får kvalifiserte lærarar i alle fag. Til dømes tilbyr Universitetet i Agder framandspråk, noko som UiS ikkje har. Me vil jobbe for at UiS-studentar faktisk tar framandspråk via UiA, for me treng lærarar som kan framandspråk, seier Munthe.

- Då må me finne ut korleis studiane kan vere for at fleire vel dette tilbodet.


Kvifor fell dei av
Følgjegruppa har gjennomført ei undersøking om kvifor lærarstudentar vel å slutte i studiet (sjå Rapport nr. 2).

- Når me spør studentar som slutta om kvifor dei sluttar, peikar dei på andre ting enn utdanninga. Dei fleste svarar at dei ikkje vil bli lærar likevel og bytter utdanning eller skaffar seg anna arbeid, seier ho.

Munthe meiner det er naturleg at nokre sluttar undervegs, men problemet er at me ikkje veit om ein del av dei som sluttar kunne blitt gode lærarar.

- Me veit ikkje kor mange det gjeld, men det er dei me må prøve å fange opp, seier ho. Framtidige elevar må ha dyktige og kvalifiserte lærarar, så det er viktig at me snur kvar stein.

Grunnskulelærarutdanningane på UiS har innført meir oppfølging av studentane og jobber bevisst med å skape gode læringsmiljøer for dei som vel å ta utdanninga si her.

Sjå og facebooksida til grunnskulelærarutdanningane.

Elaine Munthe, dekan ved Humanistisk fakultet ved Universitetet i Stavanger om lærarutdanninga.

Elaine Munthe.