MENY

Praksis med matematikk

Grunnskolelærarstudentane som går fyrste år på grunnskolelærarutdanning (GLU) 1-7 er no ute i praksis.

I løpet av praksisperioden har dei ei praksisoppgåve i matematikk kor elevane skal arbeide med ei rik og utforskande oppgåve. Elevane i 2.klasse ved Hundvåg skole har blant anna funne ut kor mange tohjuls- og trehjulssyklar den lokale sykkelbutikken kan lage når dei får inn 12 sykkelhjul.

Set ord på matematiske tankar
Elevane brukte teikning, konkretar (knappar og mjølkekorkar), teljestrekar, talsymbol, addisjon, multiplikasjon og veksling når dei arbeida med å finne så mange kombinasjonar som mogleg.

Lærarstudent Nina Østby Simonsen oppsummerer etter at elevane meiner dei har funne alle kombinasjonane. Ho bruker den digitale tavla på ein fin måte, der ho har laga mange kopier av syklane, slik at det vert visuelt og oversiktleg for elevane når dei kjem med løysningane sine.

I tillegg lar ho elevane abstrahere ved å la dei overføre biletløysningane sine til addisjon med talsymbol. I oppsummeringa er studentane nøye på å la elevane sette ord på dei matematiske tankane sine, slik at dei kan overføre si forståing til dei andre elevane.

Tilpassa oppgåver
Ei slik open oppgåve gjer det mogleg å drive undervisning som er tilpassa ulike elevnivå utan at ein må lage ulike (og ekskluderande) oppgåver. Elevane er òg med på å konstruere si eigen forståing, noko som ser ut til å gi betre og meir langvarig kunnskap.

I løpet av økta kom det og opp interessante matematiske element som kommutativitet, gjentatt addisjon som vert multiplikasjon og strukturen til partal og oddetal. Studentane fann desse innspela så interessante at dei vil jobbe vidare i denne konteksten for å utnytte innspela som elevane kom med.

Tekst: Morten Kristensen

Bilde av ein student på grunnskulelærarutdanninga framfor ei tavle med tal.

Lærarstudent Nina Østby Simonsen er i praksis på Hundvåg skole.