MENY

- Samfunnsansvar å ta imot praksisstudentar

Solås skole har tatt imot praksisstudentar i mange år. Samfunnsansvar, nye innspel og håp om enklare rekruttering seinare, er grunnane.

Bilde av Øystein Nybøe og Arve Sæther på Solås skole.

Solås skole i Gjesdal kommune er ein av fleire skular som Universitetet i Stavanger (UiS) har avtale med. Kvar vår og haust tek skulen imot lærarstudentar i praksis.

- Samfunnsansvar
Rektor Arve Sæther ser klare fordelar med å ta imot studentar, sjølv om det krev tid og energi.

- Det er stort sett positivt å ha studentar her. Det er også et samfunnsansvar. Alle tener på at dei som går ut av lærarskulen er flinkast mogleg, seiar han.

Han trur det er enklare for skulen å rekruttere lærarar når skulen har eit godt rykte blant lærarstudentar.

- Det gjeld ikkje berre blant dei som har vore her i praksis, men eit  godt omdømme blant studentar. I dag har me nokre tilsette som har vore her i praksis, seier Sæther.

Han understrekar at skulen ynskjer å følgje opp studentane tett, og derfor tek dei berre imot maksimalt fire studentar om gangen.

- Det er betre at vi klarar å gjere ein god jobb med nokre få, enn ein halvgod jobb med mange, understrekar rektoren.

Dagleg oppfølging
Øystein Nybøe er ein av to praksislærarar ved skulen og har tatt ekstra vare på praksisstudentar i meir enn fem år. Før studentane kjem i praksis, treff dei praksislæraren på UiS.

Saman planlegg dei undervisninga i vekene studentane er i praksis slik at den passar med emna elevane skal gjennom.


Dei første dagane lærarstudentane er i praksis er dei stort sett saman med andre lærarar i klasserommet. Etter kvart som dei vert varme i trøya, klarar dei seg meir og meir på eiga hand.

- Etter nokre timar, er det nokre som synast det er heilt greitt å ta meir ansvar sjølv. Og det går heilt fint, seier Nybøe.

Når studentane er i praksis er det travelt for praksislærarane.

- Me har morgonmøte kor me går gjennom detaljar for dagen. Nokre timar går me grundig  gjennom i lag på førehand. Andre timar er studentane friare, seier han.

Men alt kan ikkje planleggjast, og når klassen til dømes skal på utflukt, påverkar det studentane sin kvardag.
- Då må dei vera gode til å omstille seg. Når det skjer ting som gjer at studentane må vera fleksible i kvardagane, seier Nybøe.

Sunt for elevane
Elevane i klassane der lærarstudentane er, vert og påverka. Nybøe meiner elevar har spesielt godt av å møte ulike vaksne i undervisninga.

- Me ser kva som fungerer, og klasen får speile seg sjølv. Elevane merkar at vaksne er forskjellige, og me må trene på dette med elevane, seier han.

Alle tilsette ved skulen er informerte om at det kjem praksisstudentar. Nybøe og Sæther er opptatt av at studentane som kjem skal kjenne seg velkomne, og bli ein så naturleg del av personalet som mogleg.

- Dei vert inkludert, tatt med på møter og treff andre lærarar  på personalrommet. Heile trinnet er veldig involvert, og resten av personalet liker at det er praksisstudentar her, seier  Nybøe.

Men dei legg ikkje skjul på at å ta imot og følgje opp lærarstudentar er krevande.


- Me treng noko for å halde oppe motivasjonen for å vera praksisskule. For det er ein jobb, seier Sæther.