MENY

Skal bli betre lærarar gjennom deling

Amerikanaren Kem Saichaie var nyleg i Stavanger, som gjest hjå programområdet DEMCI (Demokrati og medborgerskap: tverrfaglige tilnærminger og kritiske perspektiv).

Portrett av mann i dress

Saichaie jobbar ved Centre for Educational Effectiveness, som er ein del av University of California, Davis.

Det er Silje A. Normand, programområdeleiaren for DEMCI, som har invitert Saichaie til UiS, og ho nyttar Saichaie sitt nærvær godt. Han har vore med i ein av undervisningstimane hennar, observert undervisningspraksis, haldt ei open gjesteførelesning om aktiv læring, haldt eit seminar for DEMCI-gruppa og har vore med på ulike møte for å dele av eigen kunnskap og erfaringar, og sjå på høve til vidare samarbeid.

- Heime i USA jobbar Saichaie med å utvikle undervisningspraksisar, fortel Normand. Han jobbar mellom anna med online og hybridlæring, aktive læringsformer og er oppteken av korleis vi innreiar det fysiske læringsmiljøet. Av den grunn vitja han også DDV, universitetsbiblioteket og NettoP då han var på UiS. 

Saichaie var også med på brainstorming saman med IGIS og IKS, og blir kanskje involvert i nokre av søknadane som no går frå UH-fakultetet på digitalisering.

- Vi håpar å kunne utvide samarbeidet med Kem og søker midlar for å få til eit meir langsiktig samarbeid med UC Davis, fortel Normand.

I forlenginga av dette Silje tenkjer mellom anna på om det kan vere ein idé å opprette ei læringsgruppe for digital kompetanse, evt. andre tema.

Læringsfellesskap for vitskapleg tilsette
 

- Saichaie har lang erfaring med å utvikle såkalla læringsgrupper/læringsfellesskap. Dette er tilsettgrupper som sjølv arbeidar systematisk med utvikling av undervisning. Dette er noko vi også har lyst til å få i gang her ved UiS, seier Normand.

Læringsgrupper fremmer tverrfaglig dialog innenfor et gitt tema. Målet er å skape et trygt miljø der ansatte kan snakke om temaer av gjensidig interesse.

- Ved UC Davis har vi mellom anna ei eiga læringsgruppe for nytilsette. Målet er mellom anna å hjelpe dei tilsette ansatte til å finne balansen mellom undervisning og andre forpliktingar som ligg i stillinga som vitskapleg tilsett, fortel Kem Saichaie.

Sjå videointervju med Kem Saichaie nederst i saka  

Dette er også noko dekan Elaine Munthe tidlegare har ivra for.  

- Eg starta programområdet «Læreres undervisningskunnskap» i 2008, og dette initiativet frå DEMCI som handlar om systematisk utvikling av lærarane sin undervisningskunnskap, kanskje også saman med studentar, er veldig viktig, seier Munthe.

Silje Normand trur undervisningskompetanse vil bli viktigare framover.

- Vi har også møtt Uniped, og ønskjer å kople oss tettare på dei. Det er mykje snakk om digitalisering, aktiv læring og forbetring av undervisning for tida. Eit opplegg med læringsgrupper vil vere midt i blinken, trur Normand.

- Læringsgrupper handler om å ha ein trygg plass der ingen dømmer deg, der det er lov å stille spørsmål og du kan dele utfordringar du står ovanfor i undervisninga, seier Saichaie.

Eit døme er han trekk fram er korleis ein kan engasjere forsamlinga når det er hundre studentar i salen. Som nytilsett har du kanskje erfaring frå gruppeundervisning tidlegare, men sjeldan vore ansvarleg for store studentgrupper. Korleis får du dei til å snakke saman, eller legge vekk telefonane og følgje med på det som skjer? 

- Undervisninga vår på universitetet er ikkje alltid like aktiv. I slike læringsgrupper deler du kunnskap og konkrete tips og erfaringar, både gode og dårlege. Medlemmane les gjerne dei same artiklane eller bøker, og diskuterer deretter innhaldet. Det er ei gruppe der terskelen skal vere låg for å legge fram utfordringar ein kjem borti som førelesar, og der det skal vere trygt å diskutere. Det er omtrent som eit programområde, men berre for undervisning, avsluttar Normand.

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken