MENY

Supert på utveksling i Singapore

Hausten 2018 vart eit annleis semester for Sæunn og Ingrid. Dei to lektorstudentane drog på utveksling til Singapore og angrar ikkje eit sekund på det.

Supert på utveksling i Singapore Sæunn Kristjansdottier og Ingrid Langdalen oppmodar andre om å dra på utveksling, og kan anbefale NIE i Singapore (Foto: Anja Kristin Bakken)

Sæunn Kristjansdottir og Ingrid Langdalen går begge 4. året på lektorutdanninga ved Universitetet i Stavanger, der dei har valt historie og engelsk som fag.

– Vi reiste ned i august. Landa på fredag, og var fulltidsstudentar ved National Institute of Education (NIE) i Singapore på måndagen. Det var berre å hoppe i det!

Begge jentene visste tidleg at dei ville på utveksling, og Ingrid har også vore på utveksling til København på eit tidspunkt. Dei brukte god tid på å orientere seg i landskapet av utvekslingsavtalar, og snakka med andre som har vore på utveksling før for å lære av deira erfaringar.

– Det tok litt tid å finne ut av kor vi skulle dra, men då vi oppdaga den nye utvekslingsavtalen med NIE i Singapore såg vi høvet til å kombinere fleire gode ting, fortel Sæunn. For det første er undervisninga på engelsk, vidare tilbyr dei relevante fag, og sist men ikkje minst: avtalen mellom UiS og NIE gav oss fritak frå skulepengar.

At Singapore ligg like ved ekvator og har eit tidvis trivlegare klima enn Stavanger var ikkje nokon bakdel, heller ikkje plasseringa midt i Søraust-Asia.

– Vi nytta høve til å reise ein del rundt i nabolanda i helgene medan vi var der. Avstandane er korte, og det kunne vere like rimeleg å dra på ein helgetur til Indonesia som å vere «heime» i Singapore, seier Ingrid. 

Sidan dei slapp å betale skulepengar klarte jentene seg med den ordinære støtta frå Lånekassen.

– Økonomien i dette var betre enn forventa, og eit utvekslingssemester i Singapore kan gjennomførast utan å ete av sparekontoen, fortel lektorstudentane.

– Vidare vart vi veldig godt tatt i mot då vi kom ned. Ein av studentane frå Singapore hadde vore i Stavanger semesteret før, og henta oss på flyplassen då vi landa. NIE sytte for at vi fekk bu på campus i studentbustadar og det var mykje rimelegare enn om vi skulle leigd privat leilegheit, seier Sæunn.

Firfirsle i frokostblanding

Den største forskjellen frå det vanlege livet heime var at dei ikkje hadde tilgang på kjøkken der dei budde, og at dei måtte dele rom med andre internasjonale studentar. Då det dukka opp ei firfirsle i frokostblandinga var Ingrid offisielt skeptisk til heile opphaldet.

– Det var mykje som var uvant, men vi var innstilte på at dette skulle vere eit annleis semester – og dermed gjekk det fint, seier Ås-jenta.

Noko av poenget med å reise på utveksling er å få andre erfaringar enn dei som livet på UiS byr på, meiner dei to.

– Eg leigde eit lite kjøleskap til å ha på rommet, og vi vande oss fort til å ete ute. Det er flust av serveringsstader på campus. Der er det også fleire svømmebasseng og treningssenter, der vi som lærarstudentar hadde gratis tilgang. Eigentleg hadde vi nesten ikkje trengt å forlate campus medan vi var i Singapore, det var nesten som ein liten by seg sjølv, med kafear, eit supert bibliotek og bra plasser å lese, smiler Ingrid.

Timeplanen gjekk opp – til slutt

Faga dei skulle ta planla dei heime i forkant før dei reiste ned.

– Vi fekk ei liste over fag vi kunne velje i blant, men det viste seg at ikkje alle dei faga som vi opphavleg valte var faktisk moglege å ta. Ei stund sleit vi med å få timeplanen til å gå opp, og vi endte opp med å måtte ta andre fag enn tenkt. Då var det veldig fint at både instituttet her heime på UiS og professorane på NIE var velvillige, og hjalp oss til å finne ein fagkombinasjon som vi raskt fekk godkjent i Stavanger, fortel Sæunn.

Dei tok fem fag, og hadde eksamen i alle fag før juleferien kom.

– Vi hadde meir prosjektarbeid enn vi er vant med, og fekk ein tett relasjon til professorane. Alle var opptatt av at vi skulle ha det bra og var veldig inkluderande. All undervisning var obligatorisk, det var mykje oppgåver og gruppearbeid. Vi hadde undervisning 8-16 kvar dag utanom onsdag, så det var på mange måtar meir skule enn vi er vant med. Samstundes var nok det faglege nivået litt lågare enn vi hadde sett føre oss.

Historia dei fortel triggar reiselysta hjå skribenten, som minnest eigne utanlandsopphald og kjem til å tenke på at det har jo opp gjennom åra vore nokre erfaringar med tidsforskjellar mellom verdsdelar. Det er langt frå Stavanger til Singapore, sjølv i 2018. Korleis var det eigentleg å forlate vener og familie?

– Vi har begge kjærastar her heime som ikkje var med på det midlertidige flyttelasset. Avstand i tid og rom er litt slitsamt, men det var for ein avgrensa periode. Fire månadar går veldig fort, tross alt. Vidare var vi del av eit internasjonalt miljø i Singapore, der vi var mange som var langt vekke heimanfrå. Og då vi var ferdige med eksamen fekk vi jo besøk av kjærastane og kunne dra – på kvar vår – tur med dei!

Les også: Visste du at viss du skal søke opptak til mastergrad ved UiS får du tilleggspoeng om du har vore på utveksling? Les meir om tilleggspoeng for gjennomført utveksling

Ikkje gi opp!

Ingrid og Sæunn synst dei brukte mykje tid heime i Stavanger på å finne ut av kva moglegheiter som faktisk finst før dei skulle på utveksling.

– Det var vanskeleg å få ein god oversikt over relevant informasjon, og vi opplevde å måtte leite mykje sjølv. Men, det er verd innsatsen!

Deira beste råd er å starte tidleg.

– Vi reiste i august 2018 etter å ha søkt om utveksling i februar. Forarbeidet starta likevel hausten 2017 med å undersøke kvar vi skulle reise, fortel Sæunn.

– Ikkje tenk at du startar prosessen når du sende den formelle søknaden til UiS om å få dra på utveksling. Då byrjar papirarbeidet, men du bør ha tenkt gjennom mykje før den tid. Vær sta, og ikkje gi opp undervegs. Eit utvekslingsopphald skjer ikkje av seg sjølv, men er definitivt verd det når du først er på plass ein annan stad i verden, seier Ingrid.

Og når du er framme: hugs at du reiser til ein annan kultur!

– Ikkje forvent at alt er slik som heime, minner Sæunn om.

Les også: Korleis kan du som student ved UiS reise til NIE på utveksling eller praksisopphald?

Kulturell smeltedigel

Og det kjekkaste med å dra på utveksling?

– Å utforske Singapore. Bli kjent med eit nytt land og ein stor by med kulturforskjellar på alle baugar og kantar, seier Ingrid.

Sæunn følgjer opp:

– Singapore ligg i hjartet av Søraust-Asia, og er ein smeltedigel for religion og kultur. Den vesle staten har ein rik kolonihistorie, med mange ulike område som ventar på å bli utforska.

Heilskapsinntrykket deira etter utvekslingsopphaldet er klart positivt.

– Sidan vi var to som reiste saman opplevde vi nok ein tryggleik i det, og vi kunne saman le oss gjennom problem som dukka opp undervegs. Samstundes er Singapore eit trygt land å reise til, transport er lettvint og folk er veldig høflige. Du kan også reise mykje rundt om kring om du vil det. Når då i tillegg pengane strekk langt, campus er bra og NIE veldig innstilt på å ta godt i mot utvekslingsstudentane frå Noreg er i grunnen det meste greitt, avsluttar dei to lektorstudentane.  

Tekst: Anja Kristin Bakken 

Ingrid og Sæunn sit i ein park

Hausten 208 var lektorstudentane Ingrid og Sæunn utvekslingsstudentar ved NIE i Singapore (foto: privat)