MENY

UiS får ny forskarskule i miljøhumaniora

Forskarmiljøet The Greenhouse har fått midlar frå Norges Forskningsråd (NFR) til å starte ein ny forskarskule innan fagfeltet miljøhumaniora.

Finn Arne og Dolly Jørgensen foran bokhylle i Greenhouse-biblioteket. Finn Arne og Dolly Jørgensen gleder seg til å starte forskarskule i miljøhumaniora.

Prosjektleiar Dolly Jørgensen er svært glad for løyvinga frå NFR.

– Gjennom å etablere ein forskarskule ønskjer vi å knytte det fragmenterte fagmiljøet innan miljøhumaniora i Noreg tettare saman, seier historieprofessor Jørgensen. 

Forskarskulen Norwegian Research School in Environmental Humanities (NoRS-EH) er eit samarbeid mellom Universiteta i Oslo, Bergen, Agder, Trondheim og Stavanger. I tillegg er universiteta i Sørøst-Norge og Tromsø knytt til forskarskulen. Prosjektleiinga er lagt til UiS.

– Kvar av desse partnarane skal køyre eit ph.d-kurs i løpet av ein to årssyklus. NoRS-EH er planlagt å skulle gå i til saman seks år, og vi legg opp til tre syklusar på 2 år kvar, fortel prosjektleiaren.

Les meir: The Greenhouse

20 ph.d-kandidatar vil få høve til å søke opptak i forskarskulen i kvar av syklusane. Det første kurset blir i Oslo i november.

– Dei som er tatt opp på forskarskulen vil få førsteprioritet på kursa, men i den grad det er ledige plassar håpar vi desse kan fyllast med kandidatar frå andre institusjonar, også internasjonalt, fortel Jørgensen.

Miljøhumaniora er eit felt i vekst i Noreg. Dei einskilde fagmiljø er framleis relativt små, og sit spreidd rundt i landet. 

– Vi trur at det er nødvendig å jobbe saman om vi skal få til ei god doktorgradsutdanning. Sidan miljøhumaniora er eit tverr-disiplinært felt er ingen av oss sterke på alt, men alle er sterke på noko. Dei ulike partane skal jobbe saman om kursa, sjølv om hovudansvaret for kvart av kursa er lagt til dei einskilde partane, seier Dolly Jørgensen. 

Ønskjer å samle fagmiljøet

Med forskarskulen som eit felles prosjekt vil The Greenhouse samla folk.

– På det viset får ph.d-kandidatane betre oversikt over det samla faget, dei blir kjent med andre kandidatar innan same fagfelt, og dei blir kjent med forskingsfronten og sentrale personar innan miljøhumaniora, både i Noreg og internasjonalt, seier Jørgensen.

Parallelt med kursa i forskarskulen skal dei samle kandidatane sine rettleiarar, under ei slags mentorordning.

– Gjennom dette skal vi bli betre kjent med kvarandre, utvide nettverka våre og styrke kvaliteten på forskarutdanninga. Vi håpar også at dette kan gi grobunn for nye felles forskingsprosjekt.

Både Dolly og professor Finn Arne Jørgensen ser at med dette grepet er Noreg også i ferd med å posisjonere seg i fremste rekke innan miljøhumaniora internasjonalt.

- Det er ingen tilsvarande forskarskular i Europa, og vi har god grunn til å tru at dette blir attraktivt også for internasjonale deltakarar. Finansieringa gir høve til at internasjonale gjesteforskarar kan hentast inn, og undervisninga blir gitt på engelsk, fortel Finn Arne Jørgensen.

Sjølv om det første formelle kurset i NoRS-EH går av stabelen i oktober, drar Greenhouse i gang eit bonuskurs allereie i sommar.

– I august arrangerer vi sommarskule om korleis museum jobbar med miljøspørsmål, og korleis vi gjennom miljøhumaniora kan bidra til sterkare fortellingar om miljø på musea. Vi gleder oss! avsluttar Dolly Jørgensen.

Tekst & foto: Anja Kristin Bakken