MENY

Nytt tilbod til deg som vil bli barnehagelærar

Frå hausten 2020 tilbyr Universitetet i Stavanger arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU). Det betyr at du som jobbar i barnehage i dag som assistent eller fagarbeidar, kan utdanne deg til barnehagelærar medan du jobbar i barnehagen undervegs.

Kvinneleg barnehagelærar jobbar saman med jenteo m kunstprosjekt

Fungerande instituttleiar ved Institutt for barnehagelærarutdanning, Anne Kristine Solberg Runestad, er svært glad for det nye studietilbodet ved UiS.

- ABLU er eit tiltak frå UDIR, med forankring i strategein «Kompetanse for fremtidens barnehage». Kompetansestrategien skal blant anna bidra til at andelen barnehagelærar i barnehagen aukar. Diverre er Rogaland eit av dei tre fylka i landet med lågast pedagogdekning i barnehagane, og dermed har UDIR og UiS inngått eit samarbeid om å tilby arbeidsplassert barnehagelærarutdanning.  

Tilpassa assistentar og fagarbeidarar

Målgruppa for studiet er dei som allereie er i jobb i ein barnehage, men som ikkje har den formelle kompetansen som barnehagelærar. Du må ha minimums to års erfaring frå barnehagearbeid.  Ordninga er open for tilsette i både private og offentlege barnehagar. Deltakarar frå barnehagar i kommunar med størst mangel på barnehagelærarar skal prioriterast.

 - Her får assistentar og fagarbeidarar i barnehagen som elles ikkje ville valt ei heiltidsutdanning, høve til å kombinere jobb og studiar, seier studieprogramleiar Per Einar Sæbbe.

Studentane vil få same læringsutbytte som ved å ta ordinærbarnehagelærarutdanning. Omfanget er 180 studiepoeng, som blir gjennomført på deltid over åtte semester. Oppstart av ABLU er avhengig av ei endeleg og formell godkjenning i Utdanningsutvalet i mai 2020.

- Vi har 15 studieplassar på dette programmet, og planen er at første kull startar allereie hausten 2020. Dersom du er interessert må du søke no i vår innan søknadsfristen 15. april, oppmodar studieprorgamleiaren. 

Sjølve barnehagen vil vere ein sentral læringsarena for studentane, og det er forventa at dei må få minst 40% studietid frå arbeidsgjevar. Fylkesmannen opnar opp for at arbeidsgjevar/barnehageeigar kan søke om midlar til å dekke deler av dette, såkalla tilretteleggingsmidller.

- ABLU legg til grunn eit forpliktande samarbeid mellom UiS som utdanningsinstitusjon, barnehageeigar og sjølve barnehagen der studenten er tilsett. Det er difor ein føresetnad at både student, barnehage og barnehageeigar er motiverte for å søke ABLU, fortel Runestad.

Kjem heile barnehagen til gode

Studentane vil oppleve ein variasjon i arbeidsformer, frå samling på campus, til samling i barnehagen og sjølvstendig studiearbeid i barnehagen.

- Gjennom denne tette koplinga mellom utdanningsinstitusjonen og praksisfeltet skal ABLU også bidra til kompetanseutvikling for heile personalgruppa og styrke barnehagen som lærande organisasjon gjennom auka merksemd på faglege problemstillingar, seier Sæbbe.

Som del av European Consortium of Innovative Universities (ECIU) er UiS opptekne av å drive med utdanningar som tar utgangspunkt i samfunnet sine behov.

- ABLU passar veldig godt inn i dette. Ved Institutt for barnehagelærarutdanning har vi gjennom ei rekke forskings- og utviklingsprosjekt nytta aksjonsforsking, og vi har gode erfaringar med å arrangere seminar der heile personalgruppa i barnehagar er samla og arbeider fram eit felles fokus. Desse erfaringane er verdifulle og noko vi tar med oss inn i ABLU-studiet, avsluttar fungerande instituttleiar Anne Kristine Solberg Runestad.


Tekst: Anja Kristin Bakken
Foto: Lordn/Getty Images