MENY

Universitetsbarnehage

UiS har signert ein avtale med Stavanger kommune om at Jåttå barnehage blir universitetsbarnehage med eit særskilt tett samarbeid med universitetet.

Fem kvinner står på rekke og ser på fotografen Avtalen mellom Stavanger kommune, Jåttå barnehage og UiS vart inngått vinteren 2019.

Ein universitetsbarnehage er ein barnehage som har eit særskilt tett samarbeid med eit universitet. Ideen om universitetsbarnehage bygger på ordningane med universitetssjukehus og etter kvart også universitetsskular.

Jåttå barnehage har jobba systematisk med utviklingsarbeid heile veien sidan den vart etablert i 2011. Dette har dei gjort gjennom prosjekt som «Jåttåmodellen» og «Likeverdig lek for alle», og bruk av metodikken barnehagevandring».  Det er ein stor barnehage, med 230 born, 26 pedagogar og 16 avdelingar. 

Det overordna målet for prosjektet er å betre utdanningskvaliteten for studentane og styrke kompetanseutviklinga i barnehagen, gjennom eit likeverdig samarbeid mellom partane. I tråd med Lærerutdanning 2025 skal satsinga styrke praksisopplæringa og FoU-basert profesjonsutvikling.