MENY

Universitetsskular

Universitetet i Stavanger har avtalar med tre universitetsskular i perioden 2018-2022.

Hausten 2018 signerte Universitetet i Stavanger dei første avtalane med skular om at dei skal vere universitetsskular i perioden 2018-2022. Ein universitetsskule er ein skule som har eit særskilt tett samarbeid med eit universitet.

Det er Lunde skole og St. Svithun videregåande skole i Stavanger som har inngått partnarskapsavtalar med UiS. 

Prosjektet tar utgangspunkt i universitetssjukehusmodellen med praksisnær og praksisrelevant forsking, og baserer seg på tett samarbeid mellom dei involverte lærarane, forskarane og studentane. Hensikta med samarbeidet er å drive forsking og utviklingarbeid med mål om ei framtidsretta lærarutdanning og best mogleg læring for elevane. 

Universitetsskulane inneber eit partnerskap mellom forsking og praksis. Skule og universitet skal tilby elevar og lærarstudentar det mest oppdaterte av undervisning og veiledning ved å utforske og utvikle praksis. 

Universitetet med sine lærarutdannarar skal bidra med sin forskingskompetanse på skulane samstundes som dei tar med seg praksisnær kunnskap tilbake til universitet og lærarstudentane.

Gjennom denne modellen skal heile det 13-årige skuleløpet dekkast. Innhald, form og omfang av samarbeidet skal konkretiserast i løpet av pilotfasen, som er 2018-2020.

Deler kunnskap

Universitetsskulesatsinga skal også komme andre skular til gode. Erfaringane frå pilotprosjektet skal delast med andre skular i regionen og vil danne grunnlaget for ei vidareutvikling av universitetsskulesatsinga og samarbeidet med andre praksisskular i Rogaland.