MENY

Suksess med sommarskule i DDV

Førre veke gjennomførte Didaktisk digital verkstad sommarskule for lærarstudentar. Med 28 påmeldte og stort engasjement frå alle partar vart det ein suksess.

  • 2DDV sommerskole John Arne_ spillpedagogigkk foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 koding_ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 studentassistenter _ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020_ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • EML.JPG (rw_largeArt_768).jpg
  • DDV sommerskole 2020 studenter NRK journalist Teach Out 2  _ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 studenter Teach out 6 _ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 Magnus Barkved og studentassistent 2_ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole John Arne_ spillpedagogigkk foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 studenter Teach out 2 _ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
  • DDV sommerskole 2020 Magnus Barkved studenter Teach out _ foto Paolo HS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg

- ​​​​​​​Veka med digital sommarskule har gitt oss ein haug med lærerike og flotte opplevingar! seier prosjektleiar Paolo Håland Scarbocci.

Er det ein ting denne våren har vist oss, så er det at didaktisk digital kompetanse er avgjerande for dei som skal ut i skule og barnehage. Mange studentar fekk avkorta praksis i vår. Gjennom sommarskulen ønskte fakultetet og DDV å gje studentane høve til å lære noko av det dei gjekk glipp av.

DDV arrangerte sommarskule i fjor også, men då ein fysisk variant i Hagbard Lines hus.

- Gitt uvissa knytt til kva som ville vere mogleg i juni med tanke på smittevern, skjønte vi tidleg at vi måtte gjere årets sommarskule digital, fortel Scarbocci.

Kvar dag har studentane logga seg på Teams eller Zoom, fått ein introduksjon til dagens tema og deretter gått i gang med å jobbe med oppgåver og utforske ulike verktøy. Studentassistentane i DDV og andre ressurspersonar har vore tilgjengelege i løpet av dagen for å svare ut det studentane lurar på, og deretter har det vore oppgåveinnlevering, oppsummering og gjennomgang i plenum på ettermiddagen.

Det er studentassistentane i DDV som står bak opplegget, saman med Scarbocci og prodekan for utdanning, Brita Strand Rangnes.

- Studentassistentane våre er veldig flinke. Dei er lærarstudentar frå ulike studieprogram, men tar med seg digital nyfikenskap og pågangsmot, og gyv laus for å finne gode didaktiske måtar å bruke dei ulike verktøya på, seier Rangnes.

Programmet har hatt sitt eige unike opplegg og tematikk kvar dag. Studentane har fått ein kombinasjon av opplæring i bruk av ulike digitale læringsverktøy, didaktiske ressursar og faglege innspel frå vitskapleg tilsette.

- Vi er takksame og veldig glade for å sjå at vitskapleg tilsette på tvers av heile Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora har trådd til for å bidra inn i sommarskulen med fagleg innhald. Dette gjer at vi har fått snakka om religionsfaget, mobbing, skulevegring, naturfag, Minecraft, digital kunst, livsmeistring og digital kulturarv – alt som del av dei fem hovudtematikkane gjennom veka. 

Dei fem overordna temaa som vart dekka gjennom sommarskulen:

  • Digital kommunikasjon og podkastproduksjon
  • Det digitale uterommet, TeachOUT!
  • Koding og algoritmisk tenkning
  • Dataspill og spillpedagogikk
  • Kreativitet og digitale verktøy til å fremme livsmestring og inkludering

Tysdag var den einaste dagen studentane møttest fysisk på UiS. Då fekk dei prøve app’en «TeachOUT». Det er ei slags digital orienteringsløype, der du kombinerer fysisk fostring med problemløysing undervegs.  Ein konkurranse som både går på tid og poeng som du får på oppgåvene du løyser.

- Veldig kjekt, lett å ta i bruk, kan nyttast i absolutt alle fag og perfekt med tanke på uteskule, meiner Scarbocci.

Tekst: Anja Kristin Bakken
Foto: Paolo H. Scarbocci