MENY

UNESCO-professorat til UiS

Universitetet i Stavanger er tildelt eit UNESCO-professorat innan temaet mangfald, inkludering og utdanning.

Mann med grått hår og skjegg smiler til kamera Geir Skeie er den nye UNESCO-professoren ved UiS

– Såkalla «UNESCO chairs» heng høgt. Utnemninga blir gitt til institusjonar verda rundt som har fagmiljø som utmerkar seg innanfor utvalde område som er relevante for UNESCO, fortel professor Geir Skeie.  

Til dagleg er han professor i religionsdidaktikk, og jobbar ved Institutt for kultur- og språkvitskap. Det er han som skal fylle stillinga som UNESCO-professor. Det gjer han saman med ei stor gruppe kollegar ved UiS og VID som samarbeider med UiS om dette.

No har UiS og UNESCO signert ein avtale som gjeld i fire år framover, og 11. mai arrangerer UiS ei digital markering for å kunngjere starten på ordninga ved UiS.

– Dette er første gongen UiS blir tildelt eit slikt professorat, og UiS blir no del av eit større nettverk med liknande UNESCO-stillingar over heile verda. Vi får ein tydelegare talarstol, som gir høve til å opne nokre dører, utan at vi i dag kan sei nøyaktig kva dører og når, seier Klaus Mohn, rektor ved UiS.  

UiS er blitt tildelt professoratet etter søknad til UNESCO.

– Det følgjer ikkje pengar med tildelinga, men vi blir del av eit større nettverk i UNESCO-familien og får ei anna plattform til å løfte fram arbeidet med mangfald og inkludering i eit utdanningsperspektiv, fortel Mohn.

Skapar møteplassar

Å vere vertskap for ein såkalla «UNESCO chair» inneber i stor grad å drive nettverksarbeid i inn- og utland, lage møteplassar for folk som tradisjonelt sett kanskje ikkje jobbar saman, og sette relevante tema på dagsorden.

– Eit døme er korleis vi jobbar med mangfald og inkludering innan ulike fagtradisjonar på UiS. Når vi byrjar å snakke med kvarandre om felles problemstillingar som til dømes mangfald i klasserommet, ser vi at vi har mange felles punkt, men der eg ser på mangfald frå eit religions- og livssynsperspektiv, ser kollegaer på Læringsmiljøsenteret det frå ein sosialpsykologisk ståstad. Då må vi ut av komfortsonen og prøve å forstå teoriar vi ikkje er vant med å bruke sjølv, og av og til må vi gå rundar med oss sjølv. Det er mangfald i det også, seier religionsprofessor Skeie. 

Det er også meininga at arbeidet etter kvart også skal gå inn i nokre av utdanningane, på forskjellige vis.

– Forskingsgruppa består av folk som jobbar med lærar- og lektorutdanningane, kultur, religion, inkluderande pedagogikk, språk  og meir overgripande perspektiv, fortel Skeie.

Vil samarbeide utanfor akademia

Det opphavlege initiativet til å sende ein søknad til UNESCO kom frå Stavanger kommune, gjennom Sølvberget og fribyforfattarforeininga ICORN, som ønska seg eit tettare samarbeid med UiS innan desse temaa.

– Etter kvart kopla VID og Fiji-stiftinga seg på, og vi såg at dette kunne vere ein god måte for UiS å samarbeide med andre utanfor akademia, som også er opptekne av desse spørsmåla.

Alle partane var involvert i søknadsarbeidet. For Skeie var det eit poeng å operere med reelt samspel frå starten av.

– Mangfald og inkludering er komplekse og store samfunnsprosessar. Vi ser dette som eit høve til å forsterke fokuset på det vi allereie er opptekne av. Det er eit samfunnsope felt, og vi kan ikkje berre halde på med det innanfor ei snever, akademisk verd. Vi er difor allereie i gang med å utvikle samarbeidet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

UiS har allereie eit definert forskingsområde innan denne tematikken, og det er i denne forskargruppa UNESCO-samarbeidet skal ha sin base.

– Akademia i dag handlar i stor grad om teamarbeid. Sjølv om professoratet teknisk sett er knytt til meg og mi stilling, er det ei fjør i hatten til heile forskingsmiljøet vårt - dette står vi saman om.

Berekraftsmål står sentralt

Professoratet og tematikken mangfald, inkludering og utdanning er tett knytt til FN sitt fjerde berekraftsmål, om lik rett til god utdanning.  

– Dette målet tar opp i seg det inkluderande perspektivet. Alle skal ha høve til utdanning, og kunne bruke den i samfunnet. Då er det viktig å sjå på korleis det er å vere i utdanningssystemet. Sjølv om vi i Noreg har eit velfungerande utdanningssystem, ser vi eit mangfald av menneska som er i systemet og ein stor variasjon i korleis dei opplever det. Då er vi rett inni problematikken knytt til mangfald og inkludering som i mykje dreier seg om demokratisk medborgarskap.

– Historia viser at det er vanskeleg å  få til  sosial utjamning gjennom utdanning sjølv om dette har vore eit politisk ønske. Når det viser  viser seg så vanskeleg i praksis treng vi meir kunnskap om kvifor dette skjer og samarbeid mellom forskarar, politikarar og dei som arbeider i skule og barnehage.

Brei relevans på UiS

Religionsprofessoren trur også at UNESCO-professoratet og fokuset på mangfald og inkludering kan ha positive effektar internt på UiS

– Vi veit at det er mange på UiS som er opptekne av desse tinga, på tvers av fagmiljø. Det har vore diverse møtepunkt opp gjennom åra, blant anna mellom alle dei som er engasjert i spørsmål kring det fleirkulturelle Norge, men vi har aldri fått nokon god struktur på arbeidet med mangfald og inkludering. UNESCO-professoratet er eit høve til å skape samband på tvers av universitetet, seier Skeie.

Tematikken er relevant for alle som jobbar med helse- og sosialfag, utdanning, humaniora – men også innan teknologi og næringsliv.

– Problemstillingane vi jobbar med må løysast på tvers, og utfordringar knytt til mangfald og inkludering dukkar opp på ulike måtar på ulike fagfelt, meiner Skeie.

UiS har òg eit mangfald av studentar og tilsette, frå mange land og ulike bakgrunnar.

– Vi er eit arbeidsfellesskap, og har dei same utfordringane som andre arbeidsmiljø. Det handlar ikkje berre om å gjere studentar flinke til å jobbe med desse tinga gjennom utdanningane deira, og bringe fram forsking som kan gi auka innsikt, men rett og slett bli endå betre på å handtere mangfald og inkludering i vårt eige arbeidsmiljø. Ein vil gjerne at det skal gå av seg sjølv, men fullt så enkelt er det ikkje, meiner Skeie. 

Tekst: Anja Kristin Bakken
Foto: Mari Hult