Nyskaping og visjonar for kunstfaga i Bjergsted

Smart kunst, talentutvikling og kunstens rolle i samfunnet var blant tema då 150 deltakarar frå kunst- og kulturlivet kom saman på den aller første Bjergstedkonferansen.

  • Morten Wensberg
    Dekan på Fakultet for utøvande kunstfag, Morten Wensberg, ønska velkommen til ein innhaldsrik konferanse om innovasjon i kunst, kultur og samfunn. Foto: Agnete in't Veld Bendiksen
  • Klaus Mohn
    – Me skal ikkje vere redde for å vise oss fram, sa UiS-rektor Klaus Mohn og trakk fram openheit som ein viktig verdi for universitetet. Foto: Agnete in't Veld Bendiksen
  • Daniel Röhm
    Publikum fekk gleda av ei utmerkt tolking av Beethoven ved UiS-professor i klaver Daniel Röhm. Foto: Karen Anne Okstad
  • Mari Rege
    Professor ved Handelshøgskolen ved UiS, Mari Rege, oppmoda kunst- og kulturfolk til å følgje med i timen og engasjere seg når politikken for dei estetiske faga i skolen skal lagast. Regjeringa er i gang arbeidet med ein barne- og ungdomskulturmelding, kor kulturskole skal inngå. Foto: Karen Anne Okstad

– Med denne konferansen ønskjer me å oppfylle samfunnsoppdraget vårt. Setje innovasjon som tema, vere opne og invitere kunst- og kulturlivet til å møtast for ein kunst- og kulturfagleg debatt, fortel Morten Wensberg, dekan ved Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS.

Wensberg påpeiker at som nyslått fakultet har dei fått meir rom for å satse i tråd med universitetet sine visjonar om nyskaping og å være meir open mot omverda. 

Tema for konferansen var innovasjon i kunst, kultur og samfunn. Det heile presentert gjennom kunstnarisk utøving, innlegg og samtalar, leia på musikalsk-kyndig vis av konferansier Guttorm Andreasen.

Dekanen er godt nøgd med oppslutninga, rundt 150 kom, mange av dei leiarar i kunst- og kultursektoren i Rogaland.

Bak initiativet til konferansen står fakultetet sjølv saman med Stavanger kommune og byens symfoniorkester, kulturskole og musikk, dans og dramalinja ved Stavanger katedralskole – samt Rogaland musikkråd i tillegg til Stavanger konserthus.

Det opne universitet

Etter velkomstorda til Wensberg hadde UiS-rektor Klaus Mohn æra av å sparke det heile i gong med å seie at han ønskjer seg eit universitet som opnar seg meir mot samfunnet.

– Me skal ikkje vere redde for å vise oss fram. Me skal halde nøye auge med utviklingstrekk og utfordringar i samfunnet rundt oss. Og me skal respondere undervisning og forsking i tett samspel med arbeids- og næringslivet. Det er slik me legg grunnlag for nytenking og nyskaping. Det er slik me best legg grunnlag for gjennomslag og impact, sa Mohn.

Han påpeika at UiS-fakultetet i Bjergsted i så måte er eit kroneksempel på samspel med arbeidslivet.

– Ikkje noko anna fagmiljø på universitetet ligg så tett på det profesjonelle arbeidslivet slik som tilfellet er her i Bjergsted. Det gir moglegheiter for nyskaping og innovasjon.

Kunsten i sentrum

Publikum fekk presentert fleire nye prosjekt frå fakultetet. Blant anna tala stipendiat og saksofonist Kristoffer Alberts om sitt doktorgradsprosjekt knytt til musikk, smartby og det offentlege rom. Han skal blant anna sjå på korleis ein kan utvikle nye, smarte plattformar for interaksjon og estetisk oppleving, og undersøke korleis Kulturfabrikken Tou fungerer for kunstnarisk utviklingsarbeid. 

Eit anna innovativt prosjekt som vart presentert er det nye studiet DigJazz som rettar seg mot lærarar i kulturskolesektoren som har anna musikkfagleg bakgrunn enn jazz. Studiet er eit av fleire digitale studiar som spring ut frå fakultetet, og som er med på gje fagmiljøet her ein framskott posisjon innan nettbaserte undervisningskurs i kunstfaget.

Det var svært oppløftande for forsamlinga å oppleve UiS-professor i klaver Daniel Röhm spele Beethoven på flygelet, i første bolk. Samt improvisasjonen for solo saksofon av Kristoffer Alberts, også ved UiS.

I parallellsesjonen fekk publikum mogelegheit til å få med seg ei av førestillingane i prosjektet Scenekunst for ALLE små samt ein smakebit av unge, lovande jazzmusikarar som deltek i Unge talenter Bjergsted.

– Kunstfag må meir inn i skolen

Konferansen tok mål av seg å drøfte kva rolle kunsten har i samfunnet, også når det gjeld kultur-, kulturskole- og skolepolitikk. NRK-journalist Agnes Moxnes orienterte innleiingsvis om det store biletet i den nasjonale kulturpolitikken, medan professor Mari Rege frå Handelshøgskolen ved UiS var invitert for å tale om korleis kunstfaga fremjar sosial og emosjonelle kompetanse. Ein kompetanse som viser seg meir og meir verdsett i framtidas arbeidsliv, ifølgje forskaren.

 – Sosial og emosjonell kompetanse er viktig kompetanse i framtidas arbeidsmarknad, og den kan lærast ved å oppleve kunst og jobbe med kunstfag i skolen. Dei estetiske faga er viktige for barna si utvikling. Desse faga gjer at barna opplever skaparglede og engasjement og at dei får utforske og oppleve at øving gir mestring, konstaterte forskaren som refererte til internasjonal forsking på området.

Rege viste også til at dei estetiske faga i skolen lir.

– Det er få tiltak som gjerast for å løfte dei estetiske faga i skolen. Halvparten som underviser i estetiske fag manglar kompetanse i faget, påpeika Rege.

Samfunnsøkonomen viste også til at sjølv om Kulturskolen i seg sjølv er fantastisk på mange måtar og blomstrar i mange kommunar, er det slik at Kulturskolen til sjuande og sist ikkje er for alle og dimed bidrar til sosial skeivheit, og på sikt forsterkar dei sosiale forskjellane.

– Dette er prioriteringar som forsterkar forskjellane. Ein må heller ta Kulturskolen inn i skolen, gi dei estetiske faga høgare status og meir plass i skolen, sa Rege og oppmoda kunst- og kulturfolka i salen om å følgje med i timen og engasjere seg no når politikken for dei estetiske faga i skolen skal leggjast. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein barne- og ungdomskulturmelding, kor kulturskole skal inngå. Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider om meldinga, som etter planen leggjast fram hausten 2020.

Senter for kreativitet og innovasjon

Eit mål for konferansen var å vise fram moglegheitene som finst. Den mest langvegsfarande føredragshaldaren var Sebastian Trump frå Leonardo-senteret i Nürnberg, som på tysk heiter Zentrum für Kreativität und Innovation.

Trump fortalde om korleis dei engasjerer og støtter opp om tverrfaglege prosjekt som handlar om å få deltakarar frå ulike fagfelt til å jobbe saman om å realisere innovative idear som omhandlar det sosiale, kulturelle og teknologiske. Produktet, førestillinga, installasjonen, det som blir skapt, skal presenterast, visast fram og skape noko nytt i møte med publikum.

Wensberg, dekanen på Fakultetet for utøvande kunst, drøymer om å realisere eit liknande senter på UiS.

– Me er kjempeinspirert av Leonardo og har ein visjon om å etablere eit senter for kreativitet og innovasjon i Noreg, seier Wensberg som meiner at situasjonen er gunstig akkurat no for dette.

– Me har ein kommune som satsar på kunst gjennom smartby. Me har eit universitetet som frontar innovasjon og utfordringsbasert utdanning og forsking. Samtidig har me eit kunst- og kulturfelt som trenger innovasjon for å nå ut til samfunnet. Eit senter for kreativitet og innovasjon som ein møteplass for ulike disiplinar vil vere midt i blinken, forklarer Wensberg.

Bjergstedvisjonen 2.0

Bjergstedkonferansen er også staden for å annonsere visjonar. Morten Wensberg har mange av dei. 

Bjergstedvisjonen er ti år gamal. No skal me setje oss nye mål. Med den nye Bjergstedvisjonen tek me på oss eit større samfunnsansvar. I første omgang skal me byte ut «nasjonalt» med «internasjonalt». Me har ei vidare satsing og nært samarbeid med det profesjonelle miljøet, ikkje minst Stavanger symfoniorkester – både med tanke på å lage eit sommarakademi og å etablere ein orkestermaster.

Ein annan visjon er å innlemme kulturskolen som eit slags universitets-kulturskole og få fram meir forsking på kulturskole-sektoren.

– Me ønskjer å vere eit internasjonalt kraftsenter for musikk, dans og kunst. Eg stiller meg difor også bak visjonen om å få inn Kunstskolen i Rogaland under universitetets vingar. Det blir kunstutdanning ved Universitetet i Stavanger, dersom politikarane vil, sa dekanen.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Agnete in't Veld Bendiksen og 
Mohammad Saleh Sarhan