MENY

Bjergsted Kulturpark

Sidan 2012 har Fakultet for utøvande kunstfag vore nabo med nytt konserthus, ny kulturskule og ny vidaregåande skole.

Bjergstedparken

 

Bjergsted kulturpark er det namnet seier: Ein park. Grønn og blomstrande vår og sommar, gyllenbrun om hausten, gråkvit om vinteren. Men alltid klar for å gje deg kulturelle opplevingar! Visjonen er at Bjergsted kulturpark skal vera eit nasjonalt kraftsenter for musikk og kunst.

Noko av det spesielle med Bjergsted er det tette samarbeidet mellom utdanning og profesjonelle utøvarar. Bjergsted er òg senter for fritidsmusikklivet og for festivalar.

Stavanger Symfoniorkester spelar ei sentral rolle i Bjergsted kulturpark i dei flotte konserthusa sine. Stavanger konserthus er arena for ulike sjangrar – klassisk, pop, rock, country, soul, dans, revy, opera, teater, musikalar. Stavanger konserthus styrkjer mangfaldet ytterlegare og byr på tilstellingar som ein tidlegare ikkje har kunna oppleva i regionen.

Med unntak av Byparken er Bjergsted kulturpark Stavangers største sentrumsnære friområde. I samband med det nye konserthuset er parken utvida i retning sjøen og sentrum. Uteamfiet ved konserthuset har ein kapasitet på inntil 10 000 menneske. Til dagleg vil det vera ein sosial møteplass i eit landskap som inviterer til leik, mylder og kunstopplevingar.

Ei rik beplantning, benker og belysning, kunstinstallasjonar, nye uteplasser mellom skulane, ein ny fotgjengarundergang som knyter konserthusamfiet til det eksisterande gangveisystemet, gjer parken endå meir brukarvennleg – for alle.