MENY

Møt Kiril - Postgraduate diploma i klaver

Sjå filmsnutter og les om studentane våre, og få eit innblikk i studentlivet ved campus Bjergsted.

Kvifor valde du å studera Postgraduate diploma (PDM) ved Universitetet i Stavanger?

Eg synest universitetet gjev mange høve til oss studentar. Dessutan er det ti år sidan eg tok min mastergrad i utøvende musikk, og eg trong til ein "polering". For meg vart studiet PDM ein flott måte å ta opp musikken igjen på eit profesjonelt nivå.

Kva er dei beste opplevingane dine frå studietiden din ved UiS?

Miljøet her i Bjergsted er fantastisk. Alle er veldig opne. Vi jobbar godt saman, og har stor kjærleik til musikken. Eg vil gjerne trekkja fram seminar, der ein kan diskutera klavermusikk saman med andre, som spesielt verdifulle. Elles kan eg nemna ein fantastisk masterclass med Katya Apekisheva, der ho delte løyndomane sine om å spela klavar.

Kva er dine beste anbefalinger til kommande studentar?

Dette er ein flott stad, med mange instrument, mange høve til samspel, spennande miljø og gode øvingsrom. Erling Eriksen, som er læraren min, er veldig profesjonell og gjev alt til sine studentar. Han er veldig flink til å jobba med meg som einskildperson, og tilpassar undervisinga etter talentet mitt og utfordringane mine. Eg følar meg meir balansert som utøver.

Korleis trur du studiet vil hjelpa deg vidare i karrieren?

Eg følar at studiet har bidrege til at eg vert meir profesjonell som musikar. Eg har vorte tryggare i jobben min med musikk.

Om studiet Postgraduate Diploma (PDM)

Postgraduate Diploma in Music Performance (PDM) er ei utdanning med fokus på praktiske ferdigheter og utøvarkompetanse.

Studiet henvender seg til musikktalentar med ambisjonar om å utvikla sin musikalske og instrumentaltekniske kompetanse.

Les om Postgraduate Diploma i musikk

Les meir om studiane våre

Vert kjent med fleire studentar