MENY

Lyst til å læra jazzdans?

Meld deg på øvingsskulen! Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS tilbyr undervising i dans for ungdom og vaksne. Rabatt til studentar og tilsette ved UiS.

Øvingsskulen ved Fakultet for utøvende kunstfag tilbyr danseundervisning i fakultetet sine flotte dansesalar i Bjergstedparken.

Grunna mangel på studentar som kan undervisa har me måtta gjera endringar i programmet for 2018 - 2019. 

Hausten 2018 har me eit kurs; Jazzdans for alle, onsdagar kl. 18.30 til 19.45 . Oppstart 19. september. 

Øvingsskulen vert driven av studentane på studieprogrammet Praktisk pedagogisk utdanning/dans under rettleiing av UiS tilsette og andre erfarne dansepedagogar. Alle studentane har bachelorgrad i dans.

Undervisinga føregår ved Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted.

Information in English
Påmelding: os.dans@uis.no

Oppstart hausten 2018

Kursa i haust startar opp i veke 38, onsdag 19. september, 2018 . Undervisinga følgjer skuleruta og vert avslutta i veke 49 . Fortlaupande påmelding fram til kursstart.

 

Timeplan høsten 2018

Kursnavn  Aldersgruppe  Dag Tid Pris
 Jazzdans
 for alle
 Ungdom /
 vaksne
 Onsdag  Kl. 18.30 -
 19.45

 900 kr

 700 kr tilsett

 450 kr student

 

 

Prisar

Prisen gjeld for eitt semester. Giro for innbetaling av kursavgift vil tilsendast etter oppstart.

Rabatter​

Rabatt for tilsette ved Universitetet i Stavanger (ca.25%) og studentrabatt (50%). Pris for vaksne/ ungdom med tilsettrabatt er 700 kr. For studentar er prisen kr 450 .

  • Ved påmelding oppgje stilling/avd. eller studie og studentnummer. 
  • Tilsett- og studentrabatt kan ikkje kombinerast med annan rabatt. 
  • Tilsette og studentar sine born får òg rabatt.

Påmelding

For påmelding, send e-post til øvingsskulens administrasjon os.dans@uis.no

E-posten må innehalda følgjande opplysningar:

  • Ynskt kurs
  • Namnet til eleven
  • Fødselsdatoen til eleven
  • Namnet til føresette / rekningsmottakar (elevar under 18 år)
  • Postadresse
  • E-postadresse
  • Telefonnummer
  • Dersom eleven er tilsett ved UiS må stilling/avdeling oppgjevast for å få rabatt
  • Dersom eleven er student ved UiS oppgjevast studie og studentnummer
  • Dersom eleven har sysken ved øvingsskulen oppgjevast namnet til sysken og parti

Reglement for innmelding ved Øvingsskolen

  • Påmeldingen er bindande. Det er fri utmelding berre viss dette skjer i løpet av dei to første undervisningsvekene. Etter dette vert det fakturert kursavgift for semesteret. Giro tilsendast.
  • Utmelding må skje skriftleg til øvingsskulens administrasjon: os.dans@uis.no innan 01. oktober.
  • Elevane forpliktar seg til å møta presis til undervisningstimane. Dersom ein er forhindra frå å koma til time ynskjer vi at det vert gjeve melding direkte til dansepedagogen. (Kontaktinformasjon til læraren vil oppgjevast ved oppstart).

For spørsmål om øvingsskulen

Administrator, Øvingsskolen
Fakultet for utøvende kunstfag, UiS
E-post: os.dans@uis.no