MENY

Unge talentar Bjergsted (UtB)

Talentprogrammet "Unge talentar Bjergsted" tilhøyrer Universitetet i Stavanger og Stavanger kulturskule. Det er eit talentprogram for unge musikarar i Rogaland, i alderen 12 til 19 år.

Søkaren må vera elev på anten vidaregåande skule, kulturskule eller få privat musikkundervising.

Kort om tilbodet

- Vekentleg soloundervising á 45 min i 36 veker med lærer på eigen skule
- Klassetimar og samspill
- Laurdagssamlingar med kammermusikk, seminar og meisterklasse etc.
- Nivåinndelt teoriundervising (ikkje obligatorisk for MDD-elevar)

Les meir om talentprogrammet.

Kvifor søkja opptak

Elevar ved Unge talentar Bjergsted får ta del i eit pulserande miljø med likesinnede, der hovudfokuset er ekstra fordjupning på hovudinstrumentet. Talentprogrammet tilbyr fast oppfølging av kvar elev, rik konsertrøynsle, i tillegg til seminar og meisterklasser med nasjonalt og internasjonalt anerkjende lærarar.

Opptakkrav og forventingar

Det er ynskeleg at du som søkar har gjort deg kjend med talentprogrammet på førehand, i form av å lytta til undervisinga og konsertar.

Dette må du ha for å takast inn i UtB-programmet

- eit høgt utøvarnivå på instrumentet
- gode føresetnader for vidare utvikling
- motivasjon og tid til å prioritera UtB- samlingar og øving

Finn meir informasjon og søk om plass her

Kontaktperson
Olav Stener Olsen, koordinator Unge talentar Bjergsted
E-post: olav.stener.olsen@stavanger.kommune.no