Plateslepp med UiS-studentar

Torsdag 12. april slepper artist og tidlegare UiS-student Stina Kjelstad albumet «Home». 13 av dei 14 musikarane som deltek på CD-en er òg anten noverande eller tidlegare studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag.

Stina Kjelstad cover til albumet  «Home» Albumet «Home» sleppes torsdag 12. april.

Stina Kjelstad er ein artist og låtskrivar frå Toten, busett i Stavanger.

Blant musikarane på plata er tangent-virtuos Ådne Sæverud, som mellom anna er fast organist i bandet til Thomas Dybdahl, jazz-trompetist Simen Kiil Halvorsen, munnspel-unikum Thorleifur Gaukur Davidsson og Andreas Barsnes Onarheim.

Barsnes Onarheim, som studerer musikkproduksjon ved UiS, er òg produsent og medforfattar på tekstane. 

Du kan høyra albumet på Spotify. 

Tekst: Elin Nyberg