MENY

Styret for Handelshøgskolen ved UiS

Fakultetsstyrets rolle og mandat

Nåværende fakultetsstyret tredde i funksjon 1. august 2017 og har ein funksjonsperiode på fire år.  For studentar og mellombels vitskapleg tilsette er funksjonsperioden eitt år.

Fakultetsstyret vedtar dei store linjene for styringa av fakultetet.

  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, som årsplan, budsjett, strategisk plan og faglege prioriteringar
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper osb.

Styrets leiar er professor og dekan Jerker Moodysson frå den Internationella Handelshögskolan i Jönköping.

Dekan og fakultetsdirektør på Handelshøgskolen ved UiS er saman med leiaren for styret ansvarleg for saksførebuingar.

Faste vitskaplege og teknisk/administrativt tilsette vel representantar til styret kvart fjerde år, mellombels vitskapleg tilsette og studentane vel representantar kvart år, og dei eksterne representantane blir oppnemnde av rektor for fire år.

Styret sjølv vel leiaren sin.