MENY

Kven kan bli medlem?

Aktuelle medlemmer i HHUiS Alumni er tidlegare studentar i økonomisk-administrative fag, rettsvitskap, rekneskap & revisjon, økonomi & informatikk, Siviløkonom og/eller Executive MBA. Dette gjeld alle som har studert hos "oss" sidan skipinga av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå enten Rogaland distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger

Kvifor bli medlem?

Handelshøgskulen ved UiS har nyleg starta prosessen med å skapa liv i HHUiS Alumni. Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komma tilbake til oss å vera ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gi noko tilbake til dei som har studert hos oss.

I tillegg til å få møta andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjente og ukjente, ønsker vi å utvikla ein tettare samhandling mellom HHUiS og næringslivet gjennom dette nettverket.

Hovudarrangementet vil vera den årlege HHUiS Alumnikonferansen kvar haust. Meir informasjon om dette arrangementet kjem seinare i vår.

UiS alumner får i tillegg medlemsfordeler hos mellom anna Sis sportssenter, universitetsbiblioteket ved UiS, restauranten Fish & Cow i Stavanger og campushotellet Ydalir.

Korleis bli medlem?

For å bli medlem må du registrera deg i vår alumniportal, og melde deg inn i nettverksgruppa «Økonomi og juss».  Her vil du ha moglegheita til å lesa relevante artiklar, få nyheitsbrev og finne tidlegare medstudentar som også har registrert seg som alumn. Dette gjer du enkelt ved å logga deg inn med MinID, gjennom denne lenka"alumni.uis.no".

Nyheiter, arrangement med meir vil òg bli publisert her på heimesida vår. I tillegg kan de følgja oss påFacebook: Handelshøgskolen ved UiS.

Velkommen til å bli med oss gjennom HHUiS Alumni!