MENY

HHUiS Alumni

Handelshøgskolen ved UiS ønsker å bygge opp og oppretthalde kontakten med dei tidlegare studentane våre. HHUiS Alumni vil vere eit nettverk der dei uteksaminerte kandidatane våre kan finne kvarandre og vi som "alma mater" kan informere om aktuelle nyheiter og arrangement.

Kven kan bli medlem?

Aktuelle medlemmer i HHUiS Alumni er tidlegare studentar i økonomisk-administrative fag, rettsvitskap, rekneskap og revisjon, økonomi og informatikk, siviløkonom og/eller Executive MBA. Dette gjeld alle som har studert hos "oss" sidan opprettinga av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå Rogaland distriktshøgskole, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger. 


Kvifor bli medlem?

Handelshøgskolen ved UiS har nyleg starta prosessen med å skape liv i HHUiS Alumni. Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komme tilbake til oss og vere ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gi noko tilbake til dei som har studert hos oss. I tillegg til å få møte andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjente og ukjente, ønsker vi å vidareutvikle oss i ei tett samhandling mellom HHUiS og næringslivet gjennom dette nettverket.

Hovudarrangementet vil vere den årlege HHUiS Alumni-seminaret kvar haust. Meir informasjon om dette arrangementet kjem seinare i vår.

UiS-alumnar får i tillegg medlemsfordelar hos blant andre SiS sportssenter, universitetsbiblioteket ved UiS, restauranten Fish & Cow i Stavanger og campushotellet Ydalir.


Korleis bli medlem?

For å bli medlem må du registrere deg i alumniportalen vår, og melde deg inn i nettverksgruppa «Økonomi og juss».  Her vil du ha høve til å lese relevante artiklar, ta imot nyheitsbrev og finne tidlegare medstudentar som også har registrert seg som alumn. Dette gjør du enkelt ved å logge deg inn med MinID, gjennom denne lenka "alumni.uis.no"..

Nyheiter, arrangement med meir vil også bli publisert her på heimesida vår. I tillegg kan de følge oss på Facebook: Handelshøgskolen ved UiS.


Velkommen til å bli med oss gjennom HHUiS Alumni

Handelshøgskolen ved UiS, Elise Ottesen-Jensens hus

Handelshøgskolen ved UiS, Elise Ottesen-Jensens hus