MENY

Arbeider for meir utveksling mellom Norge og Brasil

Universitetet i Stavanger (UiS) samarbeider med partnarar i Brasil for å vidareutvikle utdanning innan miljøvitskap og – teknologi.

Arbeider for meir utveksling mellom Norge og Brasil Framme (frå venstre): Kaja Gjersem Nygaard (UiS), Gro Johnsen (UiS), Daniela M. Pampanin (prosjektleder/UiS), Mauro Rebelo (UFRJ), Natalia Feitosa (UFRJ), Cintia Barros (UFRJ), Andrea Bagi (IRIS) and Silvana Allodi (UFRJ). Bak (frå venstre): Hans Kristian Brekken (UiS), Steinar Sanni (UiS/IRIS), Gorm Kipperberg (UiS), Kåre B. Jørgensen(UiS), Liv Margareth Aksland (UiS), Fabio Di Dario (UFRJ), Rodrigo Fonseca (gruppeleiar for den brasilianske gruppa / UFRJ). Ikkje til stades: Roald Kommedal, Malcolm A. Kelland, Magne O. Sydnes and Bente Dale (alle UiS).

Prosjektet “Nor-Bra2020: Gearing the future generations towards a sustainable use of the environment” tar sikte på etablere eit langvarig samarbeid mellom Norge og Brasil med mål om etablere eit felles masterprogram.

Studentmobilitet og forskingsaktivitet

Denne uke blei det første arbeidsseminaret med deltakarar frå Federal University of Rio de Janeiro (UFRJ) i Brasil, UiS og IRIS arrangerte på UiS.

Prosjektleiar Daniela M. Pampanin (førsteamanuensis på Institutt for matematikk og naturvitskap, og seniorforskar på IRIS) opna samlinga med å slå fast at institusjonane har mykje å lære av kvarandre.

– Vi må bli kjent med kvarandre si forsking, og finne felles interesser for utveksling av masterstudentar som skal skrive masteroppgåve, sa Pampanin.

Overordna mål for prosjektet er utveksling for studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, samt sommarskule i 2018 for studentar frå dei to universiteta, innan feltet bærekraftige miljø (biologisk mangfald frå molekyler til økosystem).

Under workshopen planla dei og framtidige gjesteførelesingar, og vegen vidare for prosjektet.

Prosjektet er eit UTFORSK2016-prosjekt støtta gjennom SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning) UTFORSK gir midlar til norske utdanningsinstitusjonar som samarbeider med utdanningsinstitusjonar i Brasil, Kina, India, Japan, Russland og Sør-Afrika.

Følg prosjektet på Facebook
Følg prosjektet på Research Gate