MENY

Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet er blitt miljøfyrtårn

I dag markerte Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet at dei har lykkast med si miljøfyrtårn-sertifisering. Snart er heile UiS sertifisert som Miljøfyrtårn.

Bilete av dekan Øystein Lund Bø som har avduka plakaten som viser at fakultetet er miljøfyrtårnsertifisert. – Eg er imponert over arbeidet som er lagt ned i dette, seier dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet (TN-fakultetet), Øystein Lund Bø.

Frametter våren har det eine fakultetet etter det andre sertifisert seg som miljøfyrtårn. UiS tek dimed sikte på at heile organisasjonen er sertifisert som Miljøfyrtårn innan få vekers tid. 

Miljøfyrtårn er Noregs mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar.

Det er berre Universitetet i Bergen som er Miljøfyrtårn av universiteta. UiS håper å bli ein god nummer to. 

Imponert dekan

– Eg er imponert over arbeidet som er lagt ned i dette, seier dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet (TN-fakultetet), Øystein Lund Bø

Han roser Hans Kristian Brekken for innsatsen for å bli sertifisert. 

– Han har verkeleg hive seg rundt og stått på for å dra i land denne sertifiseringa, seier dekanen. 

Han trur dette berre er starten på eit meir berekraftig fakultet, og til slutt, universitet.

– Det er viktig at me nå arbeider saman for å behalde sertifiseringa ved neste rapportering, seier dekanen. 

Supert initiativ!

Han som har jobba fram sertifiseringa ved TN-fakultetet, Hans Kristian Brekken, syns det er eit supert initiativ å bli miljøfyrtårnsertifisert. 

– Det har vore ein lærerik og hektisk prosess å få fakultetet sertifisert som Miljøfyrtårn. No er me svært nøgde og stolte av sluttresultatet. Me viser at me tar ansvar for miljøet og me viser leiarskap som utdannings- og forskingsinstitusjon, seier han. 

Han håper andre nytter høve til å kome med innovative idear innanfor miljø og berekraft, gjerne frå studentar og deira studentoppgåver. 

– Kanskje det er nettopp ideen åt ein student som kan bidra med å gjere fakultetet endå meir miljøvenleg, avsluttar han.

Redd humlene

I høve sertifiseringa baud fakultetet på frø frå blomar som ein veit humler og bier liker ekstra godt. Både studentar og tilsette kunne plukke med seg ein pakke frø og ta med seg heim.

I tillegg er det sett opp ein forslagskasse. Her kan ein kome med eigne forslag til korleis fakultetet kan bli endå meir miljøvenleg i framtida. 

Neste stopp: heile universitetet

– Me har jobba målretta dei siste månadane i samarbeid med alle fakulteta. Det ser ut som me vil kunne sertifisere heile universitetet i slutten av mars månad, seier prosjektdirektør Arnljot Corneliussen, som er miljøfyrtårnansvarleg på UiS. 

Saman med Unn Endresen, hovudkonsulent-miljøfyrtårn, har Corneliussen det siste året arbeidd med å få universitetet sertifisert som eit miljøfyrtårn etter den såkalla hovudkontormodellen. Det betyr at heile organisasjonen blir sertifisert og at ei overordna eining tek ansvar for sentrale fellessoppgåver.

– Det er kjekt og inspirerande å arbeide med universitetet. Samarbeidet med Arnljot og miljøfyrtårngruppene har fungert utmerka, og me har fått på plass mange flinke miljøfyrtårnansvarlege. Sertifiseringane har gått unna slag i slag fordi folk har vore interesserte i å bidra, og me har hatt ein god dialog med alle involverte i heile prosessen, seier Endresen. 

Ei arbeidsgruppe har medverka saman med Corneliussen og Endresen. Det same har administrasjonane til fakulteta og Arkeologisk museum.

Arbeidet starta med sertifisering som Miljøfyrtårn etter Hovudkontormodellen i mai 2018. Hovudkontoret (fellestenestene), Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet vart alle tre sertifiserte før jul 2018. Etter jul følgde Det helsevitskaplege fakultetet, Arkeologisk museum og Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora og nyleg vart også Handelshøgskolen ved UiS sertifisert.

Gyldig i tre år

Eit miljøfyrtårnsertifikat er gyldig i tre år og må deretter ratifiserast. Kvart år innan 1. april skal Miljøfyrtårna levere si miljørapportering, som skal vise at verksemda strekk seg år for år for å bli meir miljøvenleg.  

Spørsmål om ordninga på UiS kan rettast til miljøfyrtårnansvarleg Arnljot Corneliussen

Tekst: Karen Anne Okstad og Mari Løvås
Foto: Mari Løvås