MENY

Doktorgrad om datasøk i tabellar

Shuo Zhang har forsvart sin doktorgrad i informasjonsteknologi. Avhandlinga dreier seg om nye former for søk i tabellar.

Tabellar er eitt av «universalverktøya» innanfor databehandling. Doktoranden har søkt å finne betre og meir intelligente måtar å utforme, organisere og fullføre søk i tabellar. Kunnskapen i avhandlinga kan nyttast på mange ulike område, mellom anna i det som på fagspråket kallast entreprise search.

Avhandlinga har tittelen Table Search, Generation and Completion. Hovudrettleiar var professor Krisztian Balog ved Institutt for data- og elektroteknologi (IDE).

Shuo Zhang er 28 år gammal og opphavleg frå Jiangsu i Kina. Disputasen fann stad på Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, fredag 25. oktober 2019.