MENY

Doktorgrad om kalsittoverflater

Shaghayegh Javadi har forsvart sin doktorgrad i petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger. Ho studerte vass-svekking av kalksteinsformasjonar.

Komprimering av krit og senkinga av havbotnen som følger med har vore eit stort tema i mange geologiske område og oljereservoar som Ekofisk-feltet. I avhandlinga diskuterer Javadi fenomenet "vass-svekking", som er kjend som årsaka til kritkomprimering.

Forskinga gjekk ut på å undersøke korleis porevæskekjemi i nanoskala påverkar kor lett noko fester seg til kalsittoverflaten. Avhandlinga viser at styrken av kontaktbindingar ved korngrensene kan vere påverka av både saltmengda i det lukka fluidet og topografien til dei dynamiske kalsittoverflatane.

IOR-senteret

Shaghayegh Javadi har mastergrad i fysikk og var ph.d.-kandidat ved Det nasjonale IOR-senteret, som også finansierte doktorgraden. Hovudrettleiaren hennes var professor Anja Røyne og medrettleiar professor Aksel Hiorth.

Javadi gjennomførte sin disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 25. november 2019 med avhandlinga «Interaction between two calcite surfaces in aqueous solutions. Study of nano-scale interfacial forces using AFM and SFA».

Shaghayegh Javadi

Shaghayegh Javadi