MENY

Doktorgrad om sediment i rift-system

Xiaoan Zhong (39) har forsvart doktorgraden i petroleumsteknologi ved UiS.

Avhandlinga hans har auka forståing av strukturelle element, avsettingsmønster og sedimentære arkitekturar i rift-system. Spesielt bygger forskinga bru når det gjeld syn-rift tektono-sedimentær evolusjon i samanheng med rift-segmentering.

Denne forskinga er basert på ein kombinasjon av feltarbeid i Korintbukta, Hellas, og underjordiske studium i nordlege delar av Nordsjøen.
 
Resultata kan nyttast til:

  1. å forstå kva rolle den strukturelle arva frå eksisterande underliggande strukturar speler i segmentering av både ortogonale og skrå rift-system
  2. klassifisering av hierarkiske nivå av fleirordens rift-segmentering for å forklare den strukturelle kompleksiteten i rift-system
  3. å forstå variasjonen av syn-rift sedimentasjon i samanheng med riftsegmentering
  4. klassifisering av visse typar sediment i segmenterte rift-system

Forskinga var støtta av Spirit Energy.

Zhong forsvarte doktorgraden i disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 3. desember 2019.

Xiaoan Zhong

Xiaoan Zhong