MENY

Doktorgrad om skredulykker

Albert Lunde har forsvart ei doktoravhandling ved Universitetet i Stavanger om tryggleiken til redningsmannskap i skredulykker.

I Noreg har ingen redningsmannskap omkome eller vorte skadde i innsats etter skredulykker sidan den tragiske ulykka ved Molaupen i Hjørundfjorden i 1971. Lundes studie tyder likevel på at den norske redningstenesta har vesentlege utfordringar med å gjennomføre trygge og effektive redningsaksjonar, særleg etter snøskred som rammar vegnettet.

Forskinga er basert på retrospektive studiar av norske skredredningsaksjonar frå 1996 til 2017. Ein har intervjua luftambulansemannskap og redningsekspertar, modellert effektivitet og tryggleik, og gjennomført ein system-teoretisk analyse av skredredningstenesta.

Farleg for mannskapen

Redningsmannskap var farleg eksponert i moglege utløpsområder for nye snøskred i omlag ein fjerdedel av alle hendingar. I halvparten av alle skredaksjonane rykka mannskapa ut til skred utan skredofre. I studien har ein omtala dette som over-engasjement.

Det er nødvendig å arbeide meir med danning av felles risikoforståing mellom dei som deltek i slike redningsaksjonar, for å unngå at ein i iveren etter å redda nokon, fattar unyttige avgjerder for dei som er sakna og som endå til kan vere farlege for redningsfolka.

Medisinsk naudsituasjon

Redningstenesta må sjeldan søke etter skredofre, ettersom 75% av alle skredtatte i perioden 2010-2017 vart lokalisert og gravne fram av kameratar før redningstenesta kom fram til ulykkesstaden.

Halvparten av alle 568 registrerte snøskredofre i perioden 1996-2017 fekk meir eller mindre alvorlege skadar, og 120 omkom. Dette inneber at snøskred må oppfattast som medisinske naudsituasjonar som krev rask framføring av prehospitalt personell. Unødvendig venting på tradisjonelle søkeressursar kan føre til at skredofre ikkje får rett medisinsk behandling til rett tid, på rett stad.

Viktige funn

I ein heilskapleg analyse av redningstenesta som system fant ein fleire område som er vanskelege å kontrollere fordi samhandlinga mellom prosessane er så uklare. Farleg eksponering av redningsmannskap i skredutsett terreng kan knytast til svikt i varslings- og kontrollaktivitetar, manglande opplæring på ulike nivå i redningstenesta og over-engasjement.

Forskingsresultata kan nyttast i evaluering av redningstenesta sitt handlingsmønster ved skredulykker. Resultata oppmodar til diskusjonar omkring risikoaksept, kontrollaktivitetar og over-engasjement i redningstenesta.

Langvarig samarbeid

PhD-stipendet er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom tildeling til Universitetet i Stavanger. Datamaterialet er resultat av langvarig samarbeid med Hovudredningssentralane i Sør- og Nord-Noreg.

Professor Ove Njå var hovudrettleiar i doktorgradsarbeidet. Disputasen gjekk føre seg på Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS 5. desember 2019.

Om kandidaten:

Albert Lunde er 59 gammal og frå Lom (født i Stavanger). Han har ein bachelor i fysioterapi, Politiskolen og mastergrad i samfunnstryggleik. Lunde jobbar som politibetjent i Lom, Gudbrandsdal, der han også tek del i friviljug redningsteneste.

Albert Lunde

Albert Lunde