MENY

Doktorgrad om syntetisering av PAH-ar

Sindhu Kancherla (29) har avlagt doktorgrad i organisk kjemi ved Universitetet i Stavanger.

Avhandlinga hennar tek for seg strategiar for å lage syntesar av større polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH-ar) og gjere dei funksjonelle.

Doktoranden studerte retningslinjer for metallisering og C-H-aktiveringsmetodar på PAH. Resultata kom etter strengt utførte eksperiment og gjennomgang av litteraturen for å optimalisere reaksjonsvilkåra.

Dei større PAH-ane med ulike perifere substitusjonar og dimensjonalitetar kan nyttast i elektronikk, medisinsk kjemi, organisk syntese, katalyse og astrofysikk.

I løpet av doktorgraden samarbeida Kancherla og kollegar med universitetet i Amsterdam for å utføre C-H aktiveringseksperiment og universitetet i Alcala for å gjennomføre kryogene krystalliseringseksperiment.

Heile doktorgraden blei finansiert av UiS, og ein del av utvekslinga med Amsterdam-universitetet blei finansiert av EU CHAOS Cost Action STSM.

Sindhu Kancherla forsvarte sin avhandling i disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet den 6. desember 2019.

Sindhu Kancherla

Sindhu Kancherla