MENY

Robotsamarbeid vekker oppsikt

UiS har inngått eit heilt spesielt samarbeid med St. Olav videregående skole i Stavanger innanfor realfag. Elevane på den såkalla forskarlinja får ta universitetet sitt Ingeniørfaglige innføringskurs i data og elektronikk eller Teknologi og design, begge verdt 10 studiepoeng. Bygging og programmering av robotar er ein viktig del av ingeniørkurset.

Standard Kasper Furnes Bernhoff (t.v.) og Amund Buer fra 2.klasse ved St. Olav videregående skole Kasper Furnes Bernhoff (t.v.) og Amund Buer fra 2.klasse ved St. Olav videregående skole

Samarbeidet innan kurset for ingeniørar om bygging og programmering av robotar vekker oppsikt og NRK har nyleg hatt fleire innslag om saka. Robotbygginga gjekk føre seg i lokala til Teknisk Naturvitskapleg fakultet ved UiS før jul.

- Målet med undervisninga er å gje ei innføring i programmering og styring av robotar, sensorar og verktøy som kan brukast saman med robotar, fortel Tom Ryen, leiar ved Institutt for data- og elektroteknikk ved TN-fakultetet.

Strenge krav

Etter årsskiftet held dei same elevane fram med praktiske øvingar på St. Olav med robotane dei har konstruert på UiS.

-Eksamen er sett saman av  ein skriftleg del, ein munnleg presentasjon, ein skriftleg rapport og ein videopresentasjon og elevane må stå i alle deloppgåvene for å få faget godkjent, fortel Ryen.

Sjå Studietilbud og NRK sine innslag i radio og på TV av samarbeidet mellom universitetet og St. Olav videregåande skole.

 

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: Asbjørn Jensen