MENY

Samarbeid om fiskeriteknologi i nordområda

UiS-forskarar samarbeider med eit av dei beste universiteta i Sør-Korea for å finne ny kunnskap om fiskeriteknologi i nordområda.

Muk Chen Ong. Professor Muk Chen Ong frå Universitetet i Stavanger vert intervjua på koreansk tv.

Prosjektet «Fishery and Aquaculture Technology in Cold Climate Region” er eit av åtte prosjekt som fekk støtte gjennom programmet High North i 2016. High North støttar samarbeid mellom norske utdanningsinstitusjonar og institusjonar i Canada, Kina, Japan, Russland, Sør-Korea og USA. Målet for programmet er å auke kunnskapen om nordområda.

Prosjektet blir koordinert av professor Muk Chen Ong (UiS), og det er etablert eit samarbeid mellom UiS, Chonnam National University (CNU) i Sør-Korea og SINTEF Ocean. Det langsiktige målet er å utvikle eit felles kurs på master innan «Fiskeri- og akvakulturteknologi i kaldt klimaområde».

I tillegg til prosjektleiar Muk Chen Ong reiste professor Tor Henning Hemmingsen (UiS), postdoktor Lin Li (UiS), dr. Karl Gunnar Aarsæther (SINTEF Ocean) og masterstudent Andreas Høiland (UiS) i mai til Sør-Korea. Der hadde dei blant anna ei rekkje gjesteforelesingar om fiskeri og akvakulturteknologi i kalde klimaområder.
– Vi fekk positive respons frå koreanske studentar som ønsker å lære meir og bli betre kjent med UiS og Noreg, seier Muk Chen Ong.

Koreansk fjernsyn var òg interessert i besøket frå Noreg, og dei laga eit nyhendeinnslag om oppdrettsaktiviteter i Noreg og mulege utdannings- og forskingssamarbeid i framtida. Reisefølgjet frå Noreg besøkte òg eit treningsskip eigd av CNU, samt skipssimulatorsenteret og havbassenget ved CNU.

I november kjem representantar frå CNU og SINTEF Ocean til UiS, for å styrkje samarbeidet, og spesielt arbeidet med å etablere eit felles masteremne.

Prosjektet blei opprinneleg finansiert ut 2018, men etter søknad innvilga Diku tilleggsfinansiering for 2019.

Tekst: Mari Løvås
Artikkelen blei først publisert 24. juli 2017.

Forskarar frå Noreg og Sør-Korea foran inngangen til universitetet.

De norske prosjektdeltakere ble godt tatt imot. Professor og prosjektleiar Muk Chen Ong, professor og instituttleiar på IKM, Tor Henning Hemmingsen (UiS), postdoktor Lin Li (UiS), dr. Karl Gunnar Aarsæther (SINTEF Ocean) og masterstudent Andreas Høiland (UiS).