MENY

Studentar fann nye løysingar for næringslivet

I haust har tverrfaglege studentteam jobba saman med lokalt næringsliv for å finne løysingar på verkelege behov. No er resultata klare.

Student presenterer foran lerret. Presentasjon av InGenious-prosjekter fra høstsemesteret 2019. Student Diego Galindo presenterer og Kjetil Storhaug Njærheim fra Esoft lytter oppmerksomt.

Studentane har vore med på prosjektet InGenious, ei plattform for å ta i mot og løyse utfordringar frå eksterne aktørar. Universitetet i Stavanger satsar på InGenious for å gi studentane så relevant utdanning som mogleg og bli enda betre på samarbeid med arbeidslivet.

Seks verksemder deltok med prosjekt dette semesteret: Bate, Höylytt, Saferock, Bouvet, Ennox og Esoft. Eit lag med tre til fire studentar frå Handelshøgskolen ved UiS og Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet sette i gang med å finne løysingar i samarbeid med verksemda.

Fredag 13. desember kunne dei presentere resultata frå arbeidet.

Teknologi for helse

Eitt av dei spennande prosjekta kom frå teknologiselskapet Bouvet. Dei har laga eit såkalla «mixed reality»-produkt, altså ei kommunikasjonsløysing der ein kan sjå røynda og relevante data samstundes. Verktøyet blei laga for industrielt vedlikehald, der teknikaren som er ute i felten kan få hjelp frå ekspertar på hovudkvarteret.

Studentane undersøkte korleis ei slik løysing kan overførast til bruk i helsesektoren, og laga ein forretningsplan for dette.

Miljøvenleg byggematerial

Saferock er eit selskap som vil bruke avfall frå gruvedrift til å lage eit nytt byggematerial av geopolymer, som erstatning for betong. Produktet kom ut av forskinga til førsteamanuensis Mahmoud Khalifeh ved UiS, og har potensial til å redusere CO2-utsleppa frå nybygg med 70 prosent.

Studentteamet granska korleis avgjersler om byggematerial blir tatt i utbyggingsprosjekt, og laga ei forretningsplan basert på dette.

Bustad-app og musikk

I dei andre studentprosjekta laga studentane:

  • ein delingsapp for innbyggarane i burettslag for BATE
  • ein forretningsplan for Höylytt sin løysing for å lære musikk til barn
  • ein forretningsplan for å satse internasjonalt med Ennox si miljøvenlege teknologi for oljereinsing
  • ein forretningsplan for å få ressursplanleggingsløysinga til Esoft ut på marknaden

Fruktbart samarbeid

Representantar for selskapa som var med, roste prosjektet og var glade for å kunne samarbeide med universitetet. Studentane takka også for at dei fekk løyse ei slik oppgåve som del av utdanninga si.

Elisa Thomas, postdoktor på Handelshøgskolen ved UiS, har fylgt studentane denne hausten.

– Takk til verksemdene som var med. De har vore opne for studentane og engasjerte i prosjektet. Vi på UiS er lidenskapeleg opptekne av innovasjon og entreprenørskap, og no er de ein del av det. Eksterne firma hjelper å bringe universitetet enda meir ut i verda, sa Thomas.

Internasjonale prosjekt i 2020

Forskingsdirektør Troels Jacobsen viste til at UiS er med i ECIU University – eit prosjekt der 12 universitet i Europa skal løyse viktige samfunnsoppgåver på tvers av landegrensene.

– Allereie neste år vil vi få internasjonale prosjekt av denne typen, sa Jacobsen.

Samarbeid med oss!

Ønsker du samarbeid med Universitetet i Stavanger? Sjekk ut våre nettsider for samarbeid!

Ønsker du å komme i kontakt med prosjektleiar for InGenious spesifikt, send ein e-post til Minnah Fahmida Haniffa

Tekst og foto: Leiv Gunnar Lie

Kvinneleg student med langt svart hår snakkar i mikrofonen foran lerret.

Student Fleschia Thev presenterer prosjektet ho var med på saman med BATE.