MENY

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde inviterer til ph.d.-kurs

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde inviterer til ph.d.-kurs i Vitskapsteori og etikk (5 stp.) og ph.d.-kurs i Profesjonsteori, skjønnsutøvelse og profesjonsetikk (5 stp.).

Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap ph.d.-utdanninga «Helse- og sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving». Dei inviterer no til to ph.d.-kurs, eit i Vitskapsteori og etikk og eit i Profesjonsteori, skjønnsutøvelse og profesjonsetikk, som er ope for alle interesserte med relevant bakgrunn.

Emnet i vitskapsteori og etikk vil synleggjøre etiske problem og dilemma som finst i arbeid med menneske, og som er nært knytt til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men desse dilemmaa er også til stades i forskinga sjølv, og det er viktig å få innsikt i at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Les meir om emnet her (pdf).

Emnet Profesjonsteori, skjønnsutøvelse og profesjonsetikk gjer ein innføring i sentrale profesjonsteoretiske og profesjonsetiske perspektiv som har betydning for yrkesutøving og forsking innan helse- og sosialfag. Emnet fokuserer på korleis profesjonanes kvalifisering, rolle, oppgåver og mandat kan forståast ut fra ulike teoretiske perspektiv. Les meir om emnet her (pdf).

PhD-kursa er opne for alle med relevant masterutdanning, og gir 5 studiepoeng. Påmelding til begge kurs skjer i SøknadsWeb innan søknadsfrist: 8. januar 2017.