MENY

Ph.d.-kurs i Vitskapsteori og etikk

Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda inviterer til ph.d.-kurs

Ph.d.-kurset er ope for alle med relevant masterutdanning, og gir 5 studiepoeng av den obligatoriske opplæringsdelen i vår ph.d.-utdanning. Påmelding skjer i SøknadsWeb innan søkandsfrist: 1. mars 2018.

Emnet i vitskapsteori og etikk vil synleggjere etiske problem og dilemma som finst i arbeid med menneske, og som er nært knytt

til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men desse dilemmaa er også til stades i forskinga sjølv, og det er viktig å få innsikt i at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusere på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitskapsteorien, med særlig vekt på positivismen, positivismekritikken, fornufts-og institusjonskritikken. Posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Det strenge vitskapsidealet som ligger i positivismen, vekta på subjektiviteten i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold i fornuftskritikken.

Emnet vil tydeleggjer dei etiske premissa som ligg i vitskapsteorien sjølv, og at desse spenningane viser seg i helseog sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ei innføring i etisk grunnlagstenking. Ph.d.-kandidatane vil også bli gjort kjent med ein del av lovane og forskriftene som fnst på dette området

Organisering

Emnet er organisert i to samlingar à tre dagar. Fyrste samling er 17., 18. og 19. april 2018, der teoristoffet blir presentert. I den andre samlinga 23., 24. og 25. mai 2018, skal deltakarane legge fram ei problemstilling relevant for eige fag-og praksisfelt, og sette den i forhold til etikk og/eller vitskapsteori. Arbeidsforma omfattar forelesingar, diskusjon og fagleg presentasjon. Invitasjonen finner du her.

• Veke 16 (17.-19. april 2018)

• Veke 21 (23.-25. mai 2018)

 

Stad: Høgskulen i Volda

Påmelding: SøknadsWeb (frist 1. mars 2018)

Godkjenning av kurset forutsetter faglig presentasjon samt fagessay, innlevert innen gitt frist.

 

Kursansvarlig: Jan Inge Sørbø

jis@hivolda.no | 70 07 52 26

 

Studiekoordinator: Gunnvor Bakke

gunnvor.bakke@hivolda.no | 70 07 52 27