MENY

Avhandling om algebraisk geometri

Andrea Tobia Ricolfi (29) har avlagt doktorgrad om lokale Donaldson-Thomas-invariantar innanfor algebraisk geometri.

Ricolfi forsvarte avhandlinga «Local Donaldson-Thomas invariants and their refinements». Dette arbeidet gir ny kunnskap som kan bli nyttig i vidare studium av Hilbert-skjema og Hilbert-Chow-morfismar.

Andrea Ricolfi har tidlegare studert matematikk ved universiteta i Padua og Bordeaux. I sitt doktorgradsarbeid var han tilknytt Institutt for matematikk og naturvitskap, med professor Martin Gulbrandsen som hovudvegleiar.

Disputasen gjekk føre seg på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet den 10. oktober.