MENY

Foreslår undervisningsfritak etter fødselsperm

– Om vi verkeleg ønskjer fleire kvinnelige professorar, må det takast nokre grep, meiner Ingvil Hellstrand ved UiS.

I eit intervju i Forskerforum 29. oktober 2017 tar kjønnsforskar Ingvil Hellstrand ved UiS til orde for korleis arbeidsplassen kan leggje til rette for strukturelle endringar for å oppnå større kjønnsbalanse. 

– Det nyttar ikkje berre å tilsette fleire kvinner. For sjølv om andelen kvinner aukar, blir det tilsett flest menn i professorstillingar, seier Ingvil Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking ved Universitetet i Stavanger (UiS).

I ein kronikk i Forskerforum tek ho, saman med Marit Aure ved Institutt for sosiologi ved UiT, til orde for at arbeidsplassen må leggje til rette for strukturelle endringar for å oppnå større kjønnsbalanse.

Blant anna kan arbeidsgjevar gje tilsette som har vore i fødselspermisjon betre tid til å kome i gang igjen med å forske.

– I akademia er det særleg fordelinga av undervisningstid og forskingstid som blir avgjerande for karriereutviklinga. Eitt forslag til tiltak kan difor vere at tilsette som har hatt foreldrepersmisjon i meir enn seks månader, kan få fritak frå undervisningsoppgåver og komitéarbeid i ein periode. Då kan dei få tid til å konsentrere seg om å forske og ta igjen fagfeltet sitt, seier Hellstrand.

Les også: Fem utfordringer for likestilling i akademia

Ho presiserer at eit slikt tiltak ikkje berre skal gjelde for kvinner, men for begge kjønn.

– Dette vil kanskje også stimulere menn til å ta lengre fødselspermisjon.

Les heile intervjuet i Forskerforum

Ingvil Hellstrand.

– Utan klare retningsliner for at alle skal få forskingstid, er det vanskeleg å få til kjønnsbalanse, seier Ingvil Hellstrand.