MENY

Stor auking av kvinnelege professorar

Frå 2014 og til i dag har UiS nest best auking i landet og klart meir enn dei store universiteta. UiS har per i dag 31 prosent kvinnelege professorar.

Foto av Gunhild Bjaalid og Kjetil Kiil Halvorsen. Gunhild Bjaalid og Kjetil Kiil Halvorsen på avslutningskonferansen til "Kvinner til topps" på Gaffel & Karaffel 11. desember 2018.

I 2013 starta Forskingsrådet eit program som skulle betre kjønnsbalansen på seniornivå i norsk forsking – BALANSE. UiS fekk 4 millionar kroner til sitt balanse-prosjekt «Kvinner til topps» hausten 2014.

Prosjektet ved UiS var tredelt og dreia seg om å endre leiingskulturen ved UiS til å ha meir merksemd på kjønnsbalanse samt å leggje til rette for eit opprykksprogram for kvinnelige tilsette som hadde potensial til å søkje professorstilling. I tillegg handla prosjektet om å kartleggje rekrutteringsprosessen til faglege stillingar innan dei teknisk-naturvitskaplege faga med mål om leggje til rette for tiltak som kunne bidra til betre kjønnsbalanse.

– Då prosjektet starta opp ved UiS, var talet på kvinnelege professorar 21 prosent. Målet var 28 prosent kvinnelege professorar innan prosjektslutt i 2018. No ligg talet på 31 prosent. Det er vi særs nøgde med, seier organisasjonspsykolog Gunhild Bjaalid, prosjektleiar for prosjektet, som vart initiert av Vibeke Hervik Bull då ho var rådgjevar i Forskings- og innovasjonsavdelinga ved UiS.

Prosentdel kvinnelege professorar ved UiS dei fire siste åra:

  • 2014 – 21 prosent
  • 2015 – 24 prosent
  • 2016 – 26 prosent
  • 2017 – 26 prosent
  • 2018 – 31 prosent
     

– Vi ligg no berre nokre få prosent bak Tromsø, som er det universitetet som har vore best på kjønnsbalanse og som vi besøkte i starten av prosjektet for å lære meir om kva vi kunne gjere. Dei ligg på 35 prosent, fortel Bjaalid.

HR-rådgjevar Kjetil Kiil Halvorsen og forskar Ingvil Hellstrand frå Nettverk for kjønnsforsking har delteke i planlegginga og gjennomføringa av prosjektet.

Auka nest mest i landet

Ser ein på den nasjonale statistikken frå 2014 til 2018 kjem UiS godt ut. Nest etter Nord, universitet som har ei særskilt solid auking i talet på kvinnelge professorar, viser statistikken at UiS per i dag har ei auking på 9,3 prosent. Nasjonalt har gjennomsnittet auka med 5,2 prosent.

Nord universitet – 14,4 prosent
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet – 4,6 prosent
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet –  2,5 prosent
Universitetet i Agder –  5,7 prosent
Universitetet i Bergen –  5,3 prosent
Universitetet i Oslo – 3,3 prosent
Universitetet i Stavanger – 9,3 prosent
Universitetet i Tromsø – 4,2 prosent
Nasjonalt – 5, 2

Kjelde: DBH per 11.12.2018

Opprykksprogram og forskingsleiingskurs

Eit av tiltaka som UiS sette i gong i 2015 var at 21 tilsette kvinner fekk delta i eit omfattande opprykksprogram som skulle gje dei støtte til å søke om professoropprykk. Av desse har til no 8 lykkast med å bli professorar. Fleire har søkt og ventar på avgjersle, og fleire er i ferd med å søke.

– Vi ønsker at opprykksprogrammet skal støttast vidare med strategiske midlar frå UiS, seier Bjaalid.

Bjaalid trekk også fram forskingsleiingskurset som vart starta opp hausten 2018 som del av «Kvinner til topps»-prosjektet. Her har både menn og kvinner delteke, men det var ei overvekt av kvinner.

– Det å jobbe fram ein god kjønnsbalanse er noko som inngår som tema på leiarsamlingar og som ein del av leiaropplæringa ved UiS, fortel Bjaalid.

Les meir om opprykksprogrammet: 21 kvinner skal til topps

Barrierar for kjønnsbalanse

Ein stor del av satsinga var retta mot Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, som hadde (og har) den lågaste prosenten kvinnelege professorar.

– Det er ei kjend utfordring at dei såkalla STEM-faga, altså naturvitskap, teknologi, ingeniør- og mattefag, er fagområde som er svært mannsdominerte, fortel Ingvil Hellstrand i Nettverk for kjønnsforsking. Ho har vore ein sentral forskar i fleire delar av prosjektet «Kvinner til topps».

I tillegg til å kartleggje og avdekke forbetringspotensial i rekrutteringsprosessen til leiarstillingar innan forsking på det teknisk-naturvitskaplege fakultetet, har ho og kollegaene gjennom intervju av 19 personar knytt til fakultetet, identifisert tre hinder for auka kjønnsbalanse. Desse barrierane er:

  • Kjønn som ein ambivalent faktor: tendens til å fokusere meir på kvinners kjønn enn på deira faglege kompetanse
  • Utydeleg styringsstruktur: uformelle strukturar speler inn på tilsette sitt handlingsrom og karriereveg
  • Krav om internasjonal deltaking

Ut frå desse barrierane er Hellstrand klar på kva som trengs:

– Vi treng ei auka bevisstheit om betydinga av kjønn i organisasjonen. Spørsmål om kjønnsubalanse handlar ikkje berre om kvinner, men om organisasjon, styringsstrukturer og strategiar i fagmiljøa så vel som i toppleiinga. I tillegg handlar det om fordeling av arbeidstid mellom forsking, undervisning og administrative oppgåver på den eine sida, og om arbeidsbyrde utanfor arbeidsplassen, enten i form av husarbeid, omsorgsarbeid eller sosiale oppgåver, fortel Hellstrand som også peiker på at det er viktig at spørsmål om kjønn ikkje er avgrensa frå andre identitetsmarkører, slik som for eksempel nasjonalitet og kultur, etnisk opphav og seksuell orientering.

– Spørsmål om kjønnsbalanse og likestilling må vere ein tydelegare agenda for heile UiS, og arbeidet med dette må fortsette vidare etter at prosjektet «Kvinner til topps» no er avslutta. I våre to forskingsrapportar foreslår vi fleire tiltak som set kjønn, likestilling og mangfald på dagsorden, både i planar og strukturar for rekruttering, og i karriereplanar. Det er eit tydeleg funn at dette er spørsmål som må løysast på strukturelt nivå, ikkje som individuelle tiltak retta mot kvinner.

Les også Barrierar for kjønnsbalanse på TN-fakultetet.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad