MENY

Opplev Forskingsdagane 2018!

I september kan du oppleve forskinga på nært hald ein rekkje stader i Stavanger og Sandnes. Bli begeistra og få ei større forståing av verda og samfunnet du er ein del av!

Opplev Forskingsdagane 2018! Ingvil Hellstrand og Inge Christ er to av UiS-forskarane som skal begeistre og skape forståing for forsking under Forskingsdagene.

Korleis er det å vekse opp med olje? Korleis vil framtidas hus sjå ut? Kva er identitet, og kva har det med kjønn å gjere? Korleis kan du sjå dei usynlege bakteriane på fingrane dine? Kva bør born lære i barnehagen og kva bør dei finne ut av sjølv gjennom fri leik? 

Desse spørsmåla og mykje meir vil du kunne få noko av svara på om du deltek på årets Forskingsdagane som går føre seg frå den 19. til den 30. september i Stavanger og Sandnes.

Oppvekst er årets tema

Forskingsdagane er ein nasjonal festival som kvart år arrangerast i regi av Forskingsrådet. Over 1000 arrangement går føre seg over heile landet.

I år er «oppvekst» tema for Forskingsdagane. Alle har erfaring med og kunnskap om oppvekst. Det handler blant anna om skole, helse, IKT, biologi, integrering og velferd, for å nemne noko.

Gratis og for alle

Årets program er tettpakka med interessante, morosame og ikkje minst lærerike aktivitetar, foredrag, korte presentasjonar og debattar – for folk i alle aldrar. Og alt er gratis!

Forskingsdagane ønskjer å begeistre og gje deg større forståing av kva forskarane forskar på og korleis dei forskar på det. Her har du ein unik sjanse til å kome tett på og spørje ein forskar om noko du alltid har lurt på.  

Du vil møte forskarar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus, NORCE, VID Vitenskaplege høgskule, BI Campus Stavanger og ei rekkje museum og nokre andre institusjonar.

Fyller torget med forsking

Lørdag 22. september kan born, unge og vaksne undre seg på Torget. Her kan ein blant anna utforske korleis få mest mogleg olje ut av kalkstein, korleis lage miljøvenlege løysingar i bygg og korleis ein lagar ein elektrisk racerbil.

Kreativitet, formidlingsglede og engasjement er felles for alle stands på Forskningstorget denne dagen.

Forskar Grand Prix

Ti forskarar står på scena på Folken tirsdag 25. september og skal formidle forskinga si på 4 minutt. Som publikum kan du stemme på den forskaren du synes er flinkast til å fortelje om forskinga si.

Eit dommarpanel gjev også poeng. Ein programleiar lagar god stemning saman med publikum i salen.  

I Stavanger deltek ph.d.-kandidatar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus og VID Vitskapelege høgskule. Dei to beste i finalen i Stavanger går vidare til den nasjonale finalen, som i år arrangerast i Tromsø.

Standup på Kåkå

Også dette året er Forskingsdagane til stades med Forskarstandup to kveldar på rad – onsdag 26. og torsdag 27. september – på KåKå Kverulantkatedralen på Sting.

Her får du moglegheit til å finne ut om forskarar faktisk kan vere morosame. Og om du ikkje synes dei er så morosame, kan vi i alle høve garantere at det er interessant.

Digital danning i skolen, likningar som kan redde liv, oppvekst i middelalderen, mobbing og nordmenn i Alicante er nokre av tema vi skal innom desse to kveldane på KåKå.

Du er også velkommen til to debattar på Universitetsbiblioteket som handlar om læring i barnehage og digitalisering i skulen.

Vi har også eit særskilt tilbod til 5. og 6. klasseelevar. Mandag 24. september arrangerer vi Barneuniversitetet. I tillegg har Arkeologisk museum ved UiS eit tilbod til skoler under heile Forskningsdagane: Arkeologane kommer.  

Les meir om Forskingsdagane.
Alle arrangementa er gratis og ope for alle.

Lurer du på noko?
Ta kontakt med regionkoordinator Karen Anne Okstad: 
karen.a.okstad@uis.no, tlf.: 90 55 97 78