MENY

FOREDRAG: Innvandrarar får norske bedriftar til å tenkje nytt

TORSDAG 27. SEPTEMBER KL. 15.45-17.00 PÅ KUNNSKAPSTØRST PÅ YDALIR skal innovasjonsforskar Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim fortelje oss korleis innvandrarar er ein ressurs for norsk arbeidsliv.

Er du nysgjerreg på kunnskap og folk? På KUNNSKAPS_TØRST på campushotellet Ydalir plassert mellom UiS og Innovasjonsparken skapes synergi mellom forsking og næringsliv gjennom ei føredragsrekke. Under Forskingsdagane kjem innovasjonsforskar Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim frå Handelshøgskolen ved UiS for å halde foredraget: «Innvandrarar får norske bedriftar til å tenkje nytt». 

Ifølge Solheim er bedriftar som tilsetter innvandrarar, meir internasonale og innovative. Solheims forsking viser at firma med utanlandsk arbeidskraft samarbeider med fleire internasjonale partnarar samanlikna med bedriftar som ikkje har så mykje utanlandsk arbeidskraft. Ho presiserer at innvandrarane må ha høgare utdanning for at dei skal kunne bidra til å skape meir innovasjon. 

– Vi må tore å satse på noko ukjend for å skape noko nytt. Innvandrarar sit på verdifull kunnskap som vi treng. For bedriftane handlar det om å setje saman kjend kunnskap eller menneskjer i nye kombinasjonar, for å utnytte kunnskapen på ein ny måte, ifølge forskaren som har gjennomført spørjeundersøkelsar i over 500 norske bedriftar og sett på statistikk for heile landet. 

Les meir om forskinga på forskning.no

Arrangementet er eit samarbeid mellom Validé, Innovasjonspark Stavanger og Universitetet i Stavanger. 

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim

Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim