MENY

Opplev Forskingsdagane 2019!

I september kan du oppleve forskinga på nært hald ein rekkje stader i Stavanger og Sandnes. Bli begeistra og få ei større forståing av verda og samfunnet du er ein del av!

Opplev Forskingsdagane 2019! Ingvil Hellstrand og Inge Christ er to UiS-forskarar som tidlegare har skapt forståing for forsking under Forskingsdagane.

Forskingsdagane er ein årleg nasjonal festival i regi av Forskingsrådet som i 2019 vert arrangert frå onsdag 18. september til sundag 29. september. Over 1000 arrangement går føre seg over heile landet – mange av dei i stavangerregionen. 

Forskingsdagane ønskjer å begeistre og gje deg større forståing av kva forskarane forskar på og korleis dei forskar på det. Her har du ein unik sjanse til å kome tett på og spørje ein forskar om noko du alltid har lurt på. 

Miljø er årets tema

Forskingsdagane har nytt tema kvart år, og i 2019 er det miljø. Dette er eit tema som er relevant for oss alle. Miljø heng tett saman med klima og bærekraft. Men miljø er også det som omgir oss i kvardagen – i nabolaget, på jobb og sosialt. For alt går føre seg i et miljø, og alt miljø inngår i ein samanheng. 

Gratis og for alle

Årets program vil bli lagt ut fortløpande, og du kan sjå fram til interessante, morosame og ikkje minst lærerike aktivitetar, foredrag, korte presentasjonar og debattar – for folk i alle aldrar. Og alt er gratis!

Du vil møte forskarar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus, NORCE, VID vitenskaplege høgskule, BI Campus Stavanger og ei rekkje museum og nokre andre institusjonar.

Fyller torget med forsking

Lørdag 21. september kan born, unge og vaksne undre seg på torget i Stavanger. Då kjem forskarane ut frå laboratoria og kontrora sine for å vise de kva dei held på med. 

Kreativitet, formidlingsglede og engasjement er felles for alle stasjonane på Forskingstorget denne dagen.

Forskar Grand Prix

Ti forskarar står på scena på Folken torsdag 26. september og skal formidle forskinga si på 4 minutt. Som publikum kan du stemme på den forskaren du synes best får fram bodskapen sin.

Eit dommarpanel gjev også poeng. Ein programleiar lagar god stemning saman med publikum i salen.  

I Stavanger deltek ph.d.-kandidatar frå Universitetet i Stavanger, Stavanger universitetssjukehus og VID Vitskapelege høgskule. Dei to beste i finalen i Stavanger går vidare til den nasjonale finalen, som i år vert arrangert i Stavanger. I fjor stakk nemleg UiS-forskaren Ben David Normann av med sigeren i nasjonale finalen i Tromsø, og dermed hamna stafettpinnen i Stavanger. 

Standup på Kåkå

Også dette året er Forskingsdagane til stades med Forskar-standup to kveldar på rad – tysdag 24. og onsdag 25. september – på KåKå Kverulantkatedralen på Sting.

Her får du sjekka ut om forskarar faktisk kan vere morosame. Og om du ikkje synes dei er så morosame, kan vi i alle høve garantere at det er interessant.

Vi har også eit særskilt tilbod til elevar på 6. og 7. trinn. Måndag 23. september arrangerer vi Barneuniversitetet.   

Les meir om Forskingsdagane.
Alle arrangement er gratis og ope for alle.

Lurer du på noko?
Ta kontakt med regionkoordinator Unni Berland 
unni.berland@uis.no, tlf.:51 83 28 75