MENY

Barneuniversitetet 2019

Korleis er det å vere i eit auditorium? Kva er eigentleg ei førelesing? Kan barn forstå kva ein forskar snakkar om? UiS og Forskingsdagane inviterer til spanande føredrag for skoleelever på universitetet.

Barn i auditorium på Barneuniversitetet i 2017 På Barneuniversitetet får barneskuleelevar prøve seg som studentar.

Tysdag 24. september kjem elevar i 6. og 7. klasse til Barneuniversitetet på UiS for å høyre om bærekraftige byar og om kva vi skal spise i framtida. Kva er ein smart by? Og kan insekt bli ei kjelde til mat for menneske i framtida? 

Føredragshaldarane er professor Harald N. Røstvik og førsteamanuenis Merete Hagen Helland

Onsdag 25. september er det forskarane på Arkeologisk museum, UiS, som tek imot lærelystne elevar i same aldersgruppe. Her skal dei få ein smakebit av fortida - på sporet av menneska og livet dei levde. Det blir skjelett og andre godsaker frå arkeologihistoria. 

Føredragshaldar er Sean Dunham

Dette arrangementet er for inviterte skuleklassar.